I Still Miss Someone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Still Miss Someone
av Johnny Cash
frå albumet The Fabulous Johnny Cash
Innspelt 24. juli 1958
Sjanger Country
Lengd 2:34
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Johnny Cash, Roy Cash
Produsent Don Law

«I Still Miss Someone» er ein song skriven av Johnny Cash og nevøen hans Roy Cash jr. og opphavleg spelt inn av Johnny Cash, i 1958 som B-sida til «Don't Take Your Guns to Town».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cash framførte «I Still Miss Someone» i At Folsom Prison,[1] og songen er med på dei fleste konsertalbuma etter 1960-åra av Cash. Cash spelte òg inn songen på ny i studio ved fleire høve for Columbia og Mercury Records.

Cash var med i dokumentarfilmen Eat the Document, som omhandla verdsturneen til Bob Dylan i 1966, og framførte «I Still Miss Someone» i lag med Dylan bak scenen. Cash spelte seinare inn songen som ein duett med Dylan under innspelinga for Dylan-albumet Nashville Skyline i 1969, men duetten er aldri offisielt komen ut.[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fire artistar har teke «I Still Miss Someone» inn på Billboard-lista i USA. Flatt & Scruggs gav ut ein versjon på albumet The Versatile Flatt & Scruggs, og denne nådde 45. plassen på lista i 1965.[3] I 1981 tok Don King ein versjon til 38. plassen på Epic Records-albumet Whirlwind.[4] Emmylou Harris sende versjonen sin til 51. plassen då han kom ut som den tredje singelen frå albumet hennar Bluebird i 1989.[5] I 2004 spelte Martina McBride inn songen i 2005 på albumet hennar Timeless som ein duett med Dolly Parton. Denne utgåva nådde 50. plassen i 2006.[6]

The Statler Brothers spelte inn songen i 1966 på albumet Flowers on the Wall.

Stevie Nicks spelte inn songen i 1989 på albumet hennar The Other Side of the Mirror og det same gjorde i Nanci Griffith i 1998 på albumet hennar Other Voices, Too (A Trip Back to Bountiful).

Jimmy Buffett framførte songen som ein hyllest til Cash i White River Amphitheatre i Auburn i Washington den 16. september 2003, fire dagar etter Cash døydde. Før han spelte songen sa Buffett at det var favorittsongen hans av Johnny Cash song. Opptaket kom ut på konsertalbumet Live in Auburn, WA. Gram Parsons og International Submarine Band spelte inn songen på det einaste albumet deira, Safe at Home. Brenda Lee spelte inn ein versjon som B-side på singelen hennar «Truly, Truly True» i 1964. Joan Baez spelte inn «I Still Miss Someone» i 1964 på albumet hennar Joan Baez/5.

Songen vart spelt av Linda Ronstadt på det sjølvoppkalla albumet hennar frå 1971 på Capitol Records. Han vart spelt av Leo Kottke i 1991 på albumet hans, Great Big Boy på Private Music. Troy Cassar-Daley spelte inn songen på albumet sitt Borrowed & Blue i 2004. Det britiske folkrockbandet Fairport Convention spelte inn songen i 1968 for ei BBC-radioinnspeling. Denne versjonen kom ut på albumet deira Heyday: the BBC Radio Sessions 1968–69.

Suzy Bogguss spelte inn songen med Chet Atkins i 1994 på albumet Simpatico.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johnny Cash intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. Trager, Oliver (2004). Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books. s. 314. ISBN 0-8230-7974-0. Henta 20. november 2020. 
  3. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 145. ISBN 978-0-89820-177-2. 
  4. Whitburn, p. 226
  5. Whitburn, p. 181
  6. Whitburn, p. 262

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]