Hopp til innhald

I Wrote a Song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I Wrote a Song»
Song av Mae Muller

Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 9. mars 2023
Sjanger Dansepop, synthpop
Lengd 02:45
Selskap Universal Music, Capitol Records, EMI
Komponist Mae Muller, Karen Poole
Låtskrivar(ar) Mae Muller, Karen Poole, Lewis Thompson

«I Wrote a Song» (norsk omsetjing: ‘eg skreiv ein song’) er ein song av den engelske vokalisten og låtskrivaren Mae Muller, som ho skreiv saman med Karen Poole og Lewis Thompson.[1] Songen blei gjeven ut som singel 9. mars 2023. Songen var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 etter å ha blitt internt vald ut av TaP Music og BBC. Songen enda på nest siste plass i finalen på heimebane i Liverpool.

Muller skreiv «I Wrote a Song» saman med låtskrivarane Karen Poole og Lewis Thompson, og produsert av Alfred Parx (L Devine). Songen blei skriven i 2022, då Muller gjekk gjennom ei tøff tid og ville føle seg sterkare og tøffare rundt romantiske forhold.[1][2]

Den 9. mars 2023 kunngjorde BBC at Muller skulle representere Storbritannia i Eurovision Song Contest med låten «I Wrote a Song». Kunngjeringa skjedde under The Radio 2 Breakfast Show med Zoe Ball og studiogjest Rylan Clark.[3] Musikkvideoen til «I Wrote a Song» blei lansert same dag på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest og dei største strøymetenestene.[4]

Som vertsnasjon og ein av av dei største økonomiske bidragsytarane, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai 2023. «I Wrote a Song» var det 26. og siste bidraget ut på scena i finalen.[5] I avrøystinga fekk låten 24 poeng og enda på 25. og nest siste plass.[6][7]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2023) Høgaste
plassering
 Hellas (IFPI)[8] 57
 Island (Tónlistinn)[9] 24
 Litauen (AGATA)[10] 23
 Russland (TopHit)[11] 125
 Storbritannia (UK Singles)[12] 9
Flagget til Samveldet av uavhengige statar SUS (TopHit)[11] 133
 Sverige (Sverigetopplistan)[13] 10
  1. 1,0 1,1 Ramachandran, Naman (9. mars 2023). «MaeMuller to Represent U.K. at Eurovision Song Contest With ‘I Wrote A Song’». Variety (på engelsk). Henta 13. mars 2023. 
  2. «She'srepresenting us at Eurovision...but who is Mae Muller?». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 13. mars 2023. 
  3. «Mae Muller: Who is the UK's Eurovision entrant?». BBCNews (på engelsk). 9. mars 2023. Henta 13. mars 2023. 
  4. Willix, Pierra (9. mars 2023). «Whois Mae Muller as she is named the UK's Eurovision 2023 entry?». Metro (på engelsk). Henta 13. mars 2023. 
  5. «TheOfficial Charts guide to Eurovision 2023». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 13. mars 2023. 
  6. «MaeMuller». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  7. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  8. «IFPI Charts». ifpi.gr. Henta 24. mai 2023. 
  9. «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 19, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 15. mai 2023. Henta 18. mai 2023. 
  10. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  11. 11,0 11,1 «IWrote A Song - Mae Muller». TopHit. Henta 31. mai 2023. 
  12. «iwrote a song | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 8. mai 2023. 
  13. «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19 May 2023.