Mokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 13°19′N 43°15′E
Mokka
by
none
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Koordinatar 13°19′N 43°15′E
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mocha

Mokka (arabisk المخا, al-Mukhā er ein hamneby ved Raudehavet i Jemen. Fram til Aden og Hodeida voks forbi byen på 1800-talet, var Mokka den viktigaste hamnebyen for hovudstaden i Jemen, Sana'a.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Villaen til den tyrkiske guvernøren, seint på 1800-talet.
Mokka, tidleg på 1900-talet

Mokka er kjend for den store kaffimarknaden som var her frå 1400-talet til tidleg på 1700-talet. Sjølv etter ein fann andre kaffikjelder, er mokkabønner (òg kalla sanani- eller mokka sanani-bønner som tyder frå Sana) sjølv i dag høgt verdsett for den særeigne smaken.

Europeiske fabrikkar i Mokka seint på 1600-talet.

I følgje den portugisiske jesuittmisjonæren Jerónimo Lobo, som segla i Raudehavet i 1625, var Mokka «tidlegare lite kjend og hadde liten handel» men då «tyrkarane tok over makta i Arabia, vart han ein storby, men er ikkje residensbyen for pasjaen, som bur to dagar inn i landet i Sana'a.»[1] Lobo la òg til at hamnebyen vart viktig under osmanarane fordi dei kravde at alle skip som kom inn i Raudehavet, måtte inn til Mokka for å betale skatt på varene sine.

Remedius Prutky reiste gjennom Mokka i 1752 og 1756 og skreiv at byen hadde eit losjihus der profeten Muhammed skal ha budd. Han nemnte òg dei mange europeiske skipa i jamna: tre fransk, fire engelske, to nederlandske og eitt portugisisk.[2]

Det engelske, nederlandske, franske og danske Austindiakompaniet hadde fabrikkar i Mokka, som var ei stor eksporthamn for kaffi fram til tidleg på 1800-talet.

I desember 1820 gjekk HMS «Topaze» og skip og soldatar frå Det britiske austindiske kompaniet til åtak på det nordlege og sørlege fortet, og øydela dei. Det kom etter britane hadde sett fram krav til styret i byen. På denne tida hadde kaffihandelen i Mokka alt blitt forbigått av Etiopia, som no var den leiande innan kaffieksport, og selde kaffien til ein tredjedel av prisen importert frå Arabia.[3] Øydelegginga av byen var framleis tydeleg så seint som i 1909, då den tyske eventyraren og fotografen Hermann Burchardt skreiv om byen: «Dette kortet vil nå det får ein av dei mest gudsforlatne, vesle stadane i Asia. Det overgår alle forventningane mine med omsyn til øydelegginga. Det verkar som om heile byen er øydelagd av jordskjelv og liknande».[4]

Mokka var blant byane sør i Jemen som vart erobra av houthiar under den militære offensiven deira i mars 2015.[5]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Köppen-Geiger sitt klimaklassifiseringssystem klassifiserer klimaet her som varmt ørkenklima (BWh).

Klimadata for Mokka
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 31.2 31.5 33.4 35.4 37.6 38.8 39.5 38.9 37.6 35.7 33.2 31.4 35 35
Døgnmiddeltemp. °C 26.7 27.1 28.8 30.6 32.7 34 34.6 34 33 31 28.9 27.2 30 72
Normal min. temp. °C 22.3 22.7 24.2 25.9 27.8 29.2 29.7 29.1 28.4 26.3 24 23 22,3
Nedbør (mm) 5 2 4 4 2 1 8 14 22 6 2 5
Kjelde: Climate-Data.org, høgd: 3m[6]

Venskapsby[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Donald M. Lockhart, translator, The Itinerário of Jerónimo Lobo (London: Hakluyt Society, 1984), p.88
  2. J.H. Arrowsmith-Brown, translator and editor, Prutky's Travels to Etiopia and Other Countries (London: Hakluyt Society, 1991), pp.363f
  3. Johann Ludwig Burckhardt (John Lewis Burckhardt), Travels in Nubia 1819.
  4. Michael Friedländer, Hermann Burchardt: Mitteilungen aus seinen letzten Briefen (Messages from his last letters), published in Journal: Ost und West (Illustrated monthly magazine for all of Judaism), issue 2 / February 1910, Berlin, s. 108 (German).
  5. Key waterway under threat as Houthi militiamen advance, 24. mars 2015, http://www.saudigazette.com.sa/index.cfm?method=home.regcon&contentid=20150325238084, henta 25. mars 2015 
  6. «Climate: Mocha - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. http://en.climate-data.org/location/30007/. Henta 1. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mokka