Hopp til innhald

Igor Vori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Igor Vori


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 20. september 1980 (44 år)
Zagreb
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Igor Vori (fødd 20. september 1980) er ein kroatisk tidlegare handballspelar som vart verdsmeister 2002 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag, og vinnar av meisterligaen 2013 med HSV Hamburg. Han var linjespelar i angrep.

Vori spelte for RK Zagreb i fire periodar, den fyrste frå 1997 og den siste til 2018, då han la opp. Elles var han innom dei italienske laga Prato og Conversano, før han 2005-07 hadde kontrakt med det spanske storlaget FC Barcelona. 2009-13 spelte han på HSV Hamburg, 2013-15 var han å sjå i PSG-drakt i fransk handball. Han vart seriemeister i alle dei fem landa han var aktiv. Våren 2013 skåra han eitt mål då HSV Hamburg vann finalen i meisterligaen etter ekstraomgangar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten i 2003 til 2018 deltok Vori i 229 landskampar for Kroatia, skåra 565 mål. I denne perioden var han med på å vinne ni medaljar i dei store internasjonale meisterskapane. Høgdepunkta kom med triumfane i Handball-VM 2003 og Sommar-OL 2004. I Handball-VM 2009 i heimlandet vart han kåra til meisterskapens beste spelar.