Ilja Markov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ilja Markov

Ilja Markow.jpg

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 19. juni 1972
Asbest i Russland
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Ilja Vladislavovitsj Markov (fødd 19. juni 1972) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Asbest som i 1998 vart europameister og 1999 verdsmeister i 20 kilometer kappgang. Han vann elles sølvmedaljar i same øvinga ved OL 1996 og VM 2001.

Markov vann 10 km kappgang både i junior-VM 1990 og junior-EM 1991. Etter å ha vorte fjerdemann på 20 km ved Friidretts-VM 1995 i Göteborg, gjekk han seg opp sigerspallen under dei olympiske sommarleikane i Atlanta der han tok sølvmedaljen, ni sekundar bak Jefferson Pérez frå Mexico.

Både under europameisterskapen 1998 og verdsmeisterskapen 1999 gjekk Markov inn til siger på 20 km. Under VM i friidrett 2001 i Edmonton kjempa han og to landsmenn om gullmedaljen, ein kamp som enda med sølvmedalje til Markov, to sekundar bak Roman Raskazov og tre føre Viktor Burajev.

Markov var aktiv på toppnivå i kappgang til OL 2008.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]