Hopp til innhald

Ilja Sjkurenjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilja Sjkurenjov


Statsborgarskap Russland
Fødd 11. januar 1991 (33 år)
Linevo
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, EM i friidrett 2012, EM i friidrett 2014, 2013 European Athletics Indoor Championships – men's heptathlon, EM i friidrett innendørs 2015, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tikamp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn

Ilja Jurjevitsj Sjkurenjov (fødd 11. januar 1991) er ein russisk friidrettsutøvar i mangekamp. Han har i tida 2012-18 vunne ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i tikamp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjkurenjov presterte 8 219 poeng og personbeste då han vann bronsen i tikampen ved EM 2012 i Helsinki. Personbeste gjorde han også då han med 8 498 poeng vann ein ny EM-bronse i Zürich i 2014. Året etter pressa han sitt personbeste til 8 538 poeng ved VM i Beijing og vart fjerdemann i tevlinga.

Sjkurenjov deltok ikkje i Sommar-OL 2016 då dei russiske friidrettsutøvarane var utestengde frå leikane. Sommaren 2017 sette han personleg tikamprekord med di han oppnådde 8 601 poeng under eit stemne i Smolensk. Med årsbeste lukkast han vinne sølv då EM 2018 fann stad i Berlin. Under verdsmeisterskapen i Doha i 2019 enda han som i VM 2015 på fjerdeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]