Hopp til innhald

Iljusjin Il-96

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iljusjim IL-96 frå Cubana

Iljusjin Il-96 er eit russisk firemotors breibuksfly for mellom- og langdistanseruter. Det blei utvikla av Iljusjin og produsert av Voronezh Aircraft Production Association i Voronezj i Russland.

Prototypen flaug fyrste gong 28. september 1988.[1] Flyet vart sertifisert 29. desember 1992[1] og vart teke i bruk av Aeroflot i 1993 under nemninga Il-96-300. I 1997 vart produksjonen av fraktvarianten Il-96T starta. Dette har eit forlenga skrog og kraftigare motorar. Ein tilsvarande variant for passasjertrafikk har vore under utvikling som Il-96M.

I 2025 blei flyet nytta kommersielt som passasjerfly av Cubana de Aviación og som fraktefly av Sky Gates Airlines. Ein ombygd versjon av Il-96 blir nytta som russisk presidentfly.

Spesifikasjonar

[endre | endre wikiteksten]
Tekniske data Il-96-300 Il-96T Il-96M
Lengd 55,35 m 63,94 m 64,70 m
Vengespenn 60,11 m 60,11 m 60,11 m
Høgd 17,55 m 15,72 m 15,72 m
Vingeareal 391,60 391,60 m² 391,60 m²
Netto vekt 117 000 kg 132 400 kg 132 400 kg
Maksimal lasta vekt 216 000 kg 270 000 kg 270 000 kg
Motor 4× Solovjev PS-90A turbofan 4× Pratt & Whitney PW2337 turbofan 4× Pratt & Whitney PW2337 turbofan
Ytingar Il-96-300 Il-96T Il-96M
Motoryting 156,9 kN per motor 164,6 kN per motor 164,6 kN per motor
Marsjfart 850 []km/t]] 850 km/t 830 km/t
Rekkjevidd 9 000 km 9 700 km 11 482 km
  1. 1 2 «Самолёты Ильюшин Ил-96 - реестр». russianplanes.net. Henta 24. oktober 2025.