Imogen Heap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imogen Heap

Heap i PopTech 2008
Fødd9. desember 1977 (46 år)
FødestadHavering i London i England
FødenamnImogen Jennifer Heap
AliasImmi
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1997
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • plateprodusent
  • lydteknikar
Prisaræresdoktor ved Berklee College of Music

Imogen Jennifer Heap (fødd 9. desember 1977)[2] er ein engelsk songar, låtskrivar, plateprodusent og lydteknikar. Ho er kjend for den elektroniske musikken sin og som medlem av det kortvarige prosjektet Frou Frou. Ho var fødd i London Borough of Havering og fekk pianotimar og klarinettimar då ho var ung. 13 år gammal byrja ho å skrive sine eigne songar, og lærte seg sjølv å spele gitar og trommer, i tillegg til musikkproduksjon på Atari-maskinar. Heap fekk platekontrakt med Almo Sounds då ho var 18 år gammal og seinare arbeidde med det eksperimentelle popbandet Acacia, i lag med Guy Sigsworth som gjestevokalist.

Heap gav ut debutalbumet sitt, iMegaphone (1998) med alternativ rock, igjen i lag med Sigsworth. Etter kvart vart Heap droppa av Almo Sounds og dei neste åra utan platekontrakt framførte ho fleire songar for filmen G:MT – Greenwich Mean Time, gav ut to singlar og deltok på albumet You Had It Coming av gitaristen Jeff Beck i 2001. Tidleg i 2002 skipa Heap og Sigsworth den elektroniske duoen Frou Frou, og gav ut det einaste albumet sitt, Details (2002). Duoen vart oppløyst seint i 2003, men kom saman att for å spele inn ein versjon av Bonnie Tyler-songen «Holding Out for a Hero» for filmen Shrek 2.

Heap gav ut to singlar seint i 2004 («Just for Now» og «Goodnight and Go»). Det andre studioalbumet til Heap, Speak for Yourself (2005), kom ut i Storbritannia på hennar eige selskap, Megaphonic Records. Ein singel frå albumet, «Hide and Seek», vart den mest suksessrike songen hennar til no. Han selde til gullplate i USA og vart kraftig sampla av Jason Derulo på debutsingelen «Whatcha Say». Det tredje studioalbumet til Heap, Ellipse (2009), fekk stort sett god kritikk då det kom. I 2014 kom det fjerde albumet hennar, Sparks (2014).

Heap har fått to Grammprisar og ein Ivor Novello-pris. Forskjellige artistar som Ariana Grande, Katy Perry[3] og Taylor Swift har omtalt Heap som ei inspirasjonskjelde.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Frou Frou[endre | endre wikiteksten]

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «A Universe of Artists Who Create Their Own Sound Worlds». The New York Times. 10. desember 2006. Henta 4. juli 2018. 
  2. Rigby, Tony (10. februar 2006). «Imogen Heap, Scala, London». The Independent. Henta 17. mars 2009. 
  3. Garland, Emma. «A Deep Dive into Katy Perry’s 2007 Myspace Page». Noisey (på engelsk). Henta 7. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Imogen Heap