Bonnie Tyler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bonnie Tyler

Fødd8. juni 1951 (72 år)
FødestadSkewen
FødenamnGaynor Hopkins
AliasBonnie Tyler
OpphavStorbritannia
Aktiv1975–
Sjangerrock, pop, country, softrock, poprock
Instrumentvokal
Stemmetypealt
PlateselskapRCA Records, Chrysalis, Columbia Records
Verka somsongar, låtskrivar, songar-låtskrivar, plateartist
PrisarSteiger Award
Bonnie Tyler under prøvane til Eurovision Song Contest 2013.

Bonnie Tyler (fødd Gaynor Hopkins8. juni 1951 i Skewen i Wales) er ein britisk popsongar. Ho er kjend for den særprega hese stemma si som ho fekk etter å ha fjerna nokre knutar på stemmebanda. Ho har vunne fleire prisar og har mellom annna vorte nominert til Grammy-prisen tre gonger.

Hits[endre | endre wikiteksten]

Bonnie Tyler gav ut sin fyrste singel i 1975. I 1976 gav ho ut hit-en «Lost in France», og ho platedebuterte med The World Starts Tonight i 1977. Året etter kom ho ut med slageren «It's a Heartache» som vart populær både i Noreg og mange andre land. Suksessen til Bonnie Tyler heldt fram utover 1980-åra, då ho gav ut den kanskje aller mest kjende songen hennar, «Total Eclipse of the Heart» i 1983. Andre hits ho har hatt er «Bitterblue», «Fool's Lullaby» og «Sally Comes Around». Tyler sin suksess avtok noko utover 1990-åra, men ho har gjeve ut studioalbum heilt fram til i dag. Albumet Rocks and Honey frå 2013 har vorte hennar sekstande studioalbum.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Den sjuande mars vart det kunngjort at Bonnie Tyler vart sendt for å representera Storbritannia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Tyler vart utvald av ein intern BBC-jury, slik Engelbert Humperdinck vart utvald på same måten til Eurovision i Baku året før. Bonnie Tyler vil då framføra balladen «Believe in Me» i ein alder av 61 år.[1]

Liste over studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • The World Starts Tonight (1977)
  • Natural Force (1978)
  • Diamond Cut (1979)
  • Goodbye to the Island (1981)
  • Faster Than the Speed of Night (1983)
  • Secret Dreams and Forbidden Fire (1986)
  • Hide Your Heart (1988)
  • Bitterblue (1991)
  • Angel Heart (1992)
  • Silhouette in Red (1993)
  • Free Spirit (1995)
  • All in One Voice (1999)
  • Heart Strings (2003)
  • Simply Believe (2004)
  • Wings (2005)
  • Rocks and Honey (2013)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Bonnie_Tyler» i Store norske leksikon, snl.no., forfattar: Jon Vidar Bergan.

  • Diskografien er henta frå Engelsk Wikipedia, 6. april 2013.