Inés de Suárez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inés de Suárez forsvarer Santiago, målarstykke av José Mercedes Ortega Pereira (1856-1933), Museo Histórico Nacional, Santiago de Chile

Inés de Suárez (15071580) var ein kvinneleg conquistador frå Spania som tok del i erobringa av Chile-territoriet og forsvarte Santiago mot eit åtak frå mapuche-folket i 1541. Ho var elskarinna til conquistadoren Pedro de Valdivia og blei til slutt gift med Rodrigo de Quiroga, som var guvernør av Chile.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Suárez vart fødd i Plasencia i Extremadura o Spania[1] i 1507. Ho kom til Amerika omkring 1537, tretti år gamal. Ein har rekna at ho var på jakt etter ektemannen sin, Juan dei Malaga, som hadde forlate Spania for å gjere teneste i «den nye verda» med Pizarro-brørne. Etter ei lang tid med samanhengjande resultatlaust søk i ei rekkje av det som i dag er søramerikanske land, kom ho til Lima i 1538.

Suárez sin ektemann døydde før ho hadde nådd Peru, ho fortalte at han døydde på havet. Neste informasjonen som er kjent om henne er frå 1539, då ho som enke etter ein spansk soldat søkte om og fekk innvilga ei lita tomt i Cuzco og fekk encomienda-rettar til mange indianarar.

Kort tid etterpå vart de Suárez elskarinna til Pedro de Valdivia, erobraren av Chile. Den første skildringa av vennskapen med Valdivia er frå tida etter at han kom tilbake frå slaget ved Las Salinas i 1538. Sjølv om dei var frå same område av Spania og minst éin forfattar fortel ei forteljing om langvarig kjærleik mellom dei, det er ingen prov for at dei hadde møtt kvarandre før ho kom til Cuzco.

Erobringa av Chile[endre | endre wikiteksten]

Sankt Jakob som maurarerobrar. Måleri frå cuzcoskulen på 1600-talet.

I slutten av 1539 søkte de Valdivia, med hjelp frå ein mercedarianar-prest, om offisielt løyve for Suárez til å bli ein del av gruppa av 12 spanjolar som han skulle leie i ei ferd mot sør. I svarbrevet frå Francisco Pizarro til Valdivia i januar 1540 gjev han løyve til at Inés kan følgje med Valdivia som hushjelpa hans, med følgjande ord til Inés: «... som de Valdivia fortel meg, mannfolk er redde for å ta del i ei slik lang reise, og du særs modig som vil utsetje deg for ei slik fare...»

Under den lange og opprivande turen mot sør, kom Suárez i tillegg til ta omsorg for Valdivia, òg til å handsame sjuke og såra, ho fann vatn til dei i ørkenen, og verna Valdivia mot ein av rivalane då han prøvde å undergrave verksemda og prøvde drepe Valdivia. Dei innfødde amerikanarane hadde allereie opplevd åtak frå spanjolane i samband med Diego de Almagro si ferd i 1535-1536. Dei brente avlingane sine og tok husdyra bort frå reiseruta, slik at spanjolane ikkje skulle finne føde for seg og dyra dei hadde med i følgjeskapen.

I desember 1540, elleve månader etter at dei forlét Cuzco, nådde Valdivia og følgjet hans dalen til elva Mapocho. Der valde Valdivia å etablere hovudstaden i territoriet. Dalen var vid med stor folkemengd. Jorda deira var fruktbar, og det var rikeleg med friskt vatn. To høge åsar gav høve til defensive posisjonar. Like etter framkomsten freista Valdivia å overtyde innbyggjarane om dei gode intensjonane sine, og han sendte ut delegasjonar med gåver til mapuche-leiarane, caciquearane.

Dei innfødde tok imot gåvene, men under leiing av Michimalonco gjorde dei sameint åtak mot spanjolane og var på nippet til å overrumple dei. Plutseleg kasta dei innfødde våpna sine og flykta. Indianarar som var i fangenskap meldte at dei hadde sett ein mann, på ein kvit hest som bar eit nakent sverd, som steig ned frå skyene og åtok dei. Spanjolane vedtok at dette var ein mirakuløst utsjåande Santo Iago, og i takksiging kalla dei den nye byen Santiago de la Nueva Extremadura. Byen vart offisielt vigd inn 12. februar 1541.

Første øydelegging av Santiago[endre | endre wikiteksten]

Inés de Suárez høgg hovudet av gisla

I august 1541, då Valdivia var opptatt med arbeid ved kysten, oppdaga Suárez ei ny samansverging for å ta makta frå Valdivia. Etter at intrigemakarane var tatt hand om, snudde Valdivia merksemda si mot indianarane og han inviterte sju caciquearar til å møte han for å gjere avtale om levering av matvarer. Då indianarane kom, tok Valdivia dei som gislar for å tryggje forsyningar og for tryggleik for nybyggjarane i området. Den 9. september tok Valdivia med seg førti mann og forlét byen for å slå ned ein opprør av indianarar nær Aconcagua.

Kaptein Alonso de Monroy fekk ansvar for vern av byen. Tidleg om morgonen den 10. september 1541 varsla ein ung peruansk leigesoldat, ein yanaconar, Monroy om at skogen rundt byen var full av innfødde. Suárez vart spurt om ho trudde det var klokt å gjere gislane frie som ein gest for fred. Ho svarte at ho såg på det som ein dårleg idé, for om indianarane overmanna spanjolane ville gislane verte einaste forhandlingsmakta deira. Monroy aksepterte rådet hennar og heldt krigsråd.

Like før daggry den 11. september reid væpna spanjolar ut for å utfordre indianarane. Talet på fiendar, leidd av Michimalonco, vart først rekna til 8000, seinare til 20 000 mann. Trass baten av hestar og dugleik med sverd vart spanjolane pressa til retrett mot aust ved middagstid, over Mapochoa-elva, og midt på ettermiddagen valde dei sjølv å trekkje seg tilbake til bysenteret av tryggleiksgrunnar.

Slaget raste heile dagen. Brannpiler og faklar sette fyr på det meste av byen, fire spanjolar vart drepne saman med ei mengd hestar og andre dyr. Situasjonen var vonlaus for dei spanske erobrarane. Presten, Rodrigo Gonzalez Marmolejo, sa seinare at kampen var som dommedag for spanjolane, berre eit mirakel redda dei.

Suárez bar mat og vatn til mennene i kampen, pleidde såra, og gav dei oppmuntring og trøyst. Krønikeskrivaren Mariño de Lobera skreiv om kva ho gjorde under slaget: «... og ho gjekk blant dei, fortalde dei at viss dei kjente seg trøytte og viss dei vart såra, så ville ho lækje dei med eigne hender ... ho var der mennene var, òg mellom hestehóvane. Ikkje berre lækte ho krigarane, ho liva dei opp og reiste moralen deira, sendte dei fornya tilbake i kampen... ein ryttar som akkurat hadde fått lækt sår, var så sliten og svak frå blodtap at han ikkje greidde å stige på hesten. Denne frua var så rørt av bøna om hjelp at ho sette seg inn situasjonen og hjelpte han til å stige på hesten ...»[2]

Suárez innsåg motløysa hos mennene og den ekstreme faren som situasjonen førte med seg, ho gjorde derfor eit framlegg. Heile dagen hadde dei sju caciquearane i fangenskap komme med oppmuntrande tilrop til folket sitt. Inés føreslo at spanjolane skulle halshogge dei sju og kaste hovuda ut blant indianarane for å skremme dei. Det kom somme innvendingar mot planen, sidan fleire menn kjente byen stod for fall og at fangane kunne bli einaste forhandlingskortet med indianarane. Suárez insisterte på at framlegget hennar var den einaste sjansen som stod att for å løyse problemet deira. Ho drog deretter til huset der Francisco Rubio og Hernando dei la Torre vakta på høvdingane, og ho gav ordre om avrettinga. Mariño dei Lobera fortel at vakta, la Torre, spurte: «På kva måte skal vi drepe dei, min frue?» «På dette viset,» svarte ho, greip la Torre sitt sverd og hogg sjølv av hovuda.[3].

Etter dei sju vart halshogge og hovuda kasta ut blant indianarane, kledde de Suárez seg med brynje og hjelm, og kasta ei kappe over skuldra, køyrte ut med den kvite hesten sin. Eit vitneprov seier at «ho gjekk ut på plassen og sette seg framføre alle soldatane og oppmuntra dei med ord av ein slik overdriven ros at dei handsama henne som om ho var ein modig kaptein, ... og ikkje ei kvinne som kledde seg som soldat i jernrustning.»[4]

Spanjolane drog føremon av forvirring og uorden skapt blant indianarane av blodige hovud, og inspirert av den modige kvinna som nå leidde dei, lykkast spanjolane i å drive den uorganiserte styrken ut frå byen. Ein historikar skreiv: «Indianerne sa etterpå at dei ville vunne over dei kristne om det ikkje var for ei kvinne på ein kvit hest.»

Som vedkjenning for mot og djervskap, fekk de Suárez ein encomienda i 1545 frå de Valdivia. I testamentet hans finn ein: «... det er sikkert at viss dei ikkje hadde blitt drepne og kasta blant landsmennene, ville det ikkje vore ein einaste levande spanjol igjen i denne byen ... ved å ta opp sverdet og la det falle over nakken på fangane har du frelst oss alle.»

Sjølv om det er stor konsistens i nedteikningane, er det sannsynleg at det ligg eit par overdrivingar i forteljingane, gjeve tidas tann og at spanjolane gjerne broderte ut litt i rapportane sine. Sanninga i saka er at Inés de Suárez spelte ei avgjerande rolle i å redde Santiago for spanjolane i 1541. Hadde det ikkje vore for djervskapen hennar, så ville byen ha fall og spanjolane mest sannsynleg blitt drepne av krigarane frå mapuche-folket. Det hadde òg bremsa den koloniale ekspansjonen mot sør.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Suárez heldt fram med å leve opent med Pedro de Valdivia fram til rettssaka mot han i Lima. Han vart klaga for å vere gift, samstundes som han openlyst budde saman med henne. I bytte for å bli sett fri, og i stillinga hans som guvernør, vart han tvungen til å gje slepp på henne og bringe kona, Marina Ortiz de Gaete, til Chile. Ho kom fram etter at Valdivia døydde i 1554.

I 1549 vart Suárez gift med Rodrigo de Quiroga, kapteinen til Valdivia. Ho var då 42 år gamal og brudgomen var 38 år. Etter giftarmålet, levde ho eit mykje roleg liv i velgjerning i heimen. Ho vart halden i stor akt i Chile, som ei djerv kvinne og ein fantastisk kaptein. Etter at Valdivia var død, vart de Quiroga to gonger sjølv guvernør i Santiago, i 1565 og i 1575. Suárez og Quiroga døydde begge i Santiago de Chile i 1580 med kort mellomrom.

Anna informasjon[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein park i Providencia, Santiago kalla opp etter Suárez. Denne parken ligg mellom avenyane Francisco Bilbao og Vasconia.

Suárez er hovudpersonen i fleire historiske romanar, som Inés y las Raíces dei la Tierra, av Maria Correa Morande (ZigZag, 1964), Ja mamma Inés - Crónica Testimonial (Andres Bello, 1993) av Jorge Guzmán, og Inés, jeg elsker deg! (spansk Inés del alma mia) av Isabel Allende (HarperCollins, 2006). I notat frå forfattaren skreiv Allende: «Denne romanen er eit arbeid av intuisjon, men kvar likskap med hendingar og personar knytt til erobringa av Chile er ikkje tilfeldig.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mariño dei Lobera, Pedro. «VIII» (på spansk). Crónica del Reino dei Chile. «...una señora que iba con el general llamada doña Inés Juárez, natural dei Plasencia y casada en Málaga, mujer dei mucha cristiandad y edificación dei nuestros soldados...» 
  2. Mariño de Lobera, Pedro. «XLIII» (på spansk). Crónica del Reino de Chile. 
  3. Mariño de Lobera, Pedro. «XV» (på Spanish). Crónica del Reino de Chile. «...Mas como empezase a salir la aurora y anduviese la batalla muy sangrienta, comenzaron también los siete caciques que estaban presos a dar voces a los suyos para que los socorriesen libertándoles de la prisión en que estaban. Oyó estas voces doña Inés Juárez, que estaba en la misma casa donde estaban presos, y tomando una espada en las manos se fué determinadamente para ellos y dijo a los dos hombres que los guardaban, llamados Francisco Rubio y Hernando de la Torre que matasen luego a los caciques antes que fuesen socorridos de los suyos. Y diciéndole Hernando de la Torre, más cortado de terror que con bríos para cortar cabezas: Señora, ¿de qué manera los tengo yo de matar? Respondió ella: Desta manera. Y desenvainando la espada los mató a todos...» 
  4. Mariño de Lobera, Pedro. «XV» (på Spanish). Crónica del Reino de Chile. «Viendo doña Inés Juárez que el negocio iba de rota batida y se iba declarando la victoria por los indios, echó sobre sus hombros una cota de malla y se puso juntamente una cuera de anta y desta manera salió a la plaza y se puso delante de todos los soldados animándolos con palabras de tanta ponderación, que eran más de un valeroso capitán hecho a las armas que de una mujer ejercitada en su almohadilla.»