Indo-gresk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indo-greske rike rundt 100 f.Kr.

Indo-gresk kultur er ein hellenistisk kultur som oppstod etter at grekarar leidd av Aleksander den store kom inn i Sør- og Sentral-Asia300-talet f.Kr. Over tretti greskætta kongar herska over ulike kongerike i området. Herskarane blei avløyst av skytarar og yuezhiar i første hundreåret, men etterkomarane fortsette å bu i områda. Den indogreske kulturen påverka nordindisk kunst, og hadde særleg sterk tyding for utviklinga av buddhistisk skulptur.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aleksander den store trengde fram til den panjabiske Bjas-elva i 326 f.Kr. Dette er det første sikre årstalet i indisk historie. Etter at han døydde blei greske herskarar verande i nordvestlege India, Pakistan og Afghanistan. Indiske kjelder hadde kalla det greske kongedømet Baktria Yavana. Frå rundt 175 f.Kr. brukte dei same nemninga om det indo-greske kongedømet i Panjab.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Indo-gresk kultur
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.