Indisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroAsokanpillar-crop.jpgJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder 70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen • 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen 3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur 1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid 1500–500 f.Kr.
Jernalder 1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada • 700–300 f.Kr.
Magadhariket • 545–320 f.Kr.
Mauryariket • 321–184 f.Kr.
Mellomrika 230 f.Kr.–1279
Satavahanariket • 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket • 60–240
Guptariket •280–550
Palariket • 750–1174
Tsjolariket • 848–1070
Muslimske rike 1206–1596
Delhi-sultanatet • 1206–1526
Dekkan-sultanat • 1490–1596
Hoysalariket 1040–1346
Kakatiyariket 1083–1323
Vidjayanagarariket 1336–1565
Marathariket 1674–1818
Mughalriket 1526–1707
Sikh-samveldet 1716–1849
Britisk India 1858–1947
Delinga 1947 og vidare

Indisk historie omfatter hovudsakleg den historiske utviklinga i den delen av Sør-Asia som i dag er India.

Steinalder[endre | endre wikiteksten]

Panjab blei folkesett av tidlegmennesket Homo erectus under pleistocen, og laga steinverktøy av acheuléentypen. Dei første moderne menneska kom truleg til Sør-Asia for rundt 70 000 til 50 000 år sidan. Bhimbetkahòlene i sentrale Madhya Pradesh har vore busette sidan minst 9000-talet f.Kr., og inneheld hòlemåleri frå rundt 7000 f.Kr.

Sivilisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Frå rundt 2600-1900 f. Kr. utvikla indussivilisasjonen med landbruk, byar, handel og eit skriftsystem seg langs elvane Indus og Sarasvati. Denne kulturen blei avløyst av vedisk tid, då indoariske innvandrarar til Nord-India la grunnlaget for mykje av hinduismen. Det blei danna ei rekkje rike, som mahajanapadarika, ulike stader på subkontinentet. På 200-talet f.Kr. dekte Mauryariket store delar av Sør-Asia, med leiarar som Chandragupta Maurya og Asjoka den store. Asjoka var ein tidleg buddhist, og gjorde sitt til at buddhismen blei spreidd til store delar av Sør-Asia. Mauryadynastiet blei etterfølgd av fleire andre storrike, som Gupta, Chalukya, Chola, Pallava og Pandya. Fleire av rika skapte tilhøve for å utvikla kunst, kultur og vitskap på høgt nivå, og er rekna som gylne tidsaldrar i India.

Ytre påverknad[endre | endre wikiteksten]

Sørvestkysten av India hadde teke imot kristendommen frå 4/500-talet og islam på 600-talet, men muslimar nordfrå større omveltingar frå 700-talet. Delhisultanatet blei danna først på 1200-talet og Mogulriket, som dekte store delar av India, på 1500-talet. Dei fleste rika hadde muslimske herskarar, men ofte mange ikkje-muslimske innbyggjarar. Berre Vidjayanagara i sør og Radjputrika i nordvest var framleis hinduisk styrt.

Europearar byrja å etablera seg i India på 1600-talet for å driva handel, og koloniinteressar og ulike lokale rike kjempa med og mot kvarandre om større herredøme. Britane vann Bengal frå mogulane i 1757 og erobra Marathariket i 1818, og var ved midten av 1800-talet direkte eller indirekte herskarar over størsteparten av India, kjend som Britisk India. Det britiske austindiakompaniet styrte kolonien fram til opprøret i 1857, då den britiske krona tok over.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

På 1890-talet byrja ein kampanje for indisk sjølvstyre. Denne rørsla blei svært populær på 1920-talet under Mahatma Gandhi si leiing. Særmerket til Gandhi si lære var bruk av ikkje-valdelege måter for å stå imot den britiske regjeringa. I 1947 lykkast frigjeringskampen endeleg, og India blei sjølvstendig med sosialisme, demokrati og sekularisme som grunnprinsipp.

Sjølvstendet medførte delinga av Britisk India i India og Pakistan og utbreidd vald mellom ulike religiøse grupper. Gjennom si moderne historie har India opplevd fleire liknande opptøyar mellom religiøse, språklege og kastebaserte grupperingar. Landet såg også opprør frå naxalittar og separatistrørsler, og terrorisme frå ulike hald. Konfliktar over territorium førte til krigar mot Pakistan i 1947, 1965, 1971 og 1999 og mot Kina i 1962. Landet utvikla sitt eige atomvåpenprogram med ei undergrunnssprenging i 1974 og fire nye testar i 1998.

India har spelt ein viktig rolle i Organisasjonen av alliansefrie nasjonar. Økonomisk vekst og større deltaking i den globaliserte økonomien har auka India sin påverknad på det internasjonale samfunnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.