Distriktet Indre Østfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Indre Østfold)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Indre Østfold.

Indre Østfold er eit distrikt som ligg i den nordre delen av tidlegare Østfold fylke. Distriktet vart formelt oppretta gjennom vedtak i fylkestinget i 2007. Dei to byane i området er Askim og Mysen.

Distriktet hadde til saman 57 094 innbyggjarar den 1. juli 2009.[1] og eit areal på 2 243 kvadratkilometer. [2] Det omfatta då dei ti kommunane Aremark, Askim, Eidsberg, Hobøl, Marker, Rakkestad, Rømskog, Skiptvet, Spydeberg og Trøgstad. Etter kommune- og regionreforma i 2020 omfatta det kommunane Aremark, Marker, Indre Østfold, Skiptvet og Rakkestad,

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Kommunane deltek i Indre Østfold Regionråd
  • Distriktet utgjer næringsregionen Indre Østfold (NHO).
  • Aremark, Marker, Trøgstad, Askim, Eidsberg, Rakkestad og Rømskog høyrer til Østre Borgesyssel prosti under Borg bispedømme i Den norske kyrkja.
  • Spydeberg, Skiptvet og Hobøl høyrer til Vestre Borgesyssel prosti (også under Borg).
  • Distriktet høyrer til domsmyndeområdet til Heggen og Frøland tingrett, utanom Aremark og Rakkestad som ligg under høvesvis Halden tingrett og Sarpsborg tingrett, alle under Borgarting lagmannsrett.

Referansar[endre | endre wikiteksten]