Indreprodukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit indreprodukt, skalarprodukt eller prikkprodukt er ein funksjon som avbildar to vektorar i eit vektorrom inn på ein skalar. Funksjonen er definert slik at han gjev eit mål for eit forhold mellom dei to vektorane og gjev ei generalisering av intuitive geometriske omgrep som avstand og vinkel òg i meir abstrakte vektorrom. Omgrepet ortogonalitet får ei naturleg generalisering ved hjelp av indreproduktet.

Ved å la indreproduktet generalisere vinkelomgrepet kan ein i matematikk elegant utleie mange grunnleggjande resultat for tilsynelatande heilt ulike matematiske objekt, basert på dei grunnleggjande eigenskapane til «vinkelmålet». Indreproduktet spelar ei viktig rolle i mange delar av matematikk, til dømes i Fourieranalyse og i approksimasjonsteori.

Eit vektorrom utstyrt med eit indreprodukt vert kalla eit indreproduktrom. Eit komplett indreproduktrom blir kalla eit Hilbertrom. Namnet pre-Hilbertrom blir av og til brukt for eit indreproduktrom som ikkje er komplett.

I ein del litteratur finn ei nemninga «prikkprodukt» avgrensa til å gjelde det Euklidske indreproduktet.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Eit indreprodukt på eit vektorrom er ein funksjon som for kvart vektorpar og definerer ein skalar , slik at funksjonen oppfyller dei følgjande eigenskapane for for alle vektorar , og i og alle skalarar :

  • Kompleks-konjungert symmetri:
  • Additivitet:
  • Homogenitet:
  • Positivitet: , og viss og berre viss .

Definisjonen gjeld for både reelle og komplekse vektorrom. I symmetrieigenskapen inngår definisjonen av kompleks konjugasjon.

Merk at indreproduktet av ein vektor med seg sjølv alltid er reell, slik at bruken av ulikskapen i positivitetseigenskapen gjev meining.

Eitt og same vektorrom kan utstyrast med ulike indreprodukt, og dermed definere fleire uavhengige indreproduktrom med ulik struktur. Det euklidske indreproduktet og det vekta euklidske indreproduktet, omtalt i den påfølgjande dømesamlinga, er døme på dette.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggande reknereglar[endre | endre wikiteksten]

Direkte avleidd frå aksioma får ein følgjande reknereglar. La , og vere vektorar i og vere ein skalar. Då er:

Norm, avstand og vinklar[endre | endre wikiteksten]

Gjeve eit indreproduktrom , så definerer vi norma til ein vektor ved

.

Avstanden mellom to vektorar og settast lik

.

Vinkelen mellom to vektorar og begge ulik definerast ved

,

og denne vinkelen er veldefinert på grunn av Cauchy-Schwarz-ulikskapen. Vidare vert to vektorar og kalla ortogonale dersom . Synonym til ortogonal er normal og vinkelrett.

Relasjon til ytreprodukt[endre | endre wikiteksten]

Viss u og v er kolonnevektorar:

Då er indre- og ytreprodukta av u og v:

Indreprodukt[endre | endre wikiteksten]

(skalar)

Ytreprodukt[endre | endre wikiteksten]

(matrise)

Ytreproduktet er òg definert viss u og v har forskjellig mengd element. Då blir ytreproduktet ei ikkje-rektangulær matrise.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Euklidske indreprodukt[endre | endre wikiteksten]

For vektorar og i det euklidske n-rommet kan ein definere det euklidske indreproduktet, gjeven ved

.

Dersom ein tenker på og som kolonnevektorer, så har ein òg notasjonen

.

Vekta Euklidsk indreprodukt[endre | endre wikiteksten]

Dersom er ein positivt definitt symmetrisk matrise får ein eit vekta euklidsk indreprodukt for vektorar og i det euklidske n-rommet, gjeven ved:

.

Indreprodukt på funksjonsrom[endre | endre wikiteksten]

På vektorrommet av kontinuerlege funksjonar definert på ei lukka mengd intervall kan ein definere indreproduktet mellom og til å vere

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]