Gjerde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stakittgjerde ved Ellingsbø i Heidal i Oppland, fotografert i 1898.
Enkelt tregjerde rundt ein dyrka jordlapp på ei elveøy i Mekong.

Gjerde eller gard er eit fysisk skilje mellom to område. Det kan vera eit symbolsk skilje for å markera ei grense, eller ein fysisk barriere for folk eller dyr.[1] Gjerde kan markera eigarskap eller visa skilje mellom ulike område, som innmark og utmark.[2]

Dei kan også gje vern mot vêr og vind, utanforståande eller uvelkomne gjester.

Ein kan laga gjerde av mange ulike materiale, som tre, stein, jord og levande plantar, som kan bli til ein hekk. Moderne gjerdemateriale er til dømes piggtråd, netting, sement og straumførande leiarar. Utforminga av gjerde blir påverka av bruksområdet og kva materiale som er tilgjengelege. I område med mykje stein er steingardar vanlege, medan skigardar er vanlegare i skogsområde. I moderne tid er gjerde laga av metall blitt utbreidde, med materiale som stål laga til netting, piggtråd og liknande. Det finst også straumførande gjerde og meir symbolske eller midlertidige gjerde som kan vera laga av plast eller kunststoff.

Val av korleis gjerdet blir halde stødig, til dømes ved hjelp av stolpar festa i bakken, styrken på materialet det er laga av, høgda og utforminga av toppen blir alle påverka av føremålet med gjerdet og eventuelle symbolske eller estetiske omsyn.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «gjerde» er avleidd av norrønt gerði,[3] medan «gard» kjem frå garðr.[4] Særleg gard har fått mange andre tydingar på norsk. Som hage kan det visa til eit inngjerda område, som kyrkjegard eller fruktgard, eller til ein gardsplass, ein eigedom der ein dyrker plantar eller held husdyr, eit større bygg som herregard eller bygard, eller ei rekkje av noko, som manngard, skjergard eller tanngard.[5]

Den slaviske namnedelen -grad eller gorod som ein finn i mange bynamn tyder opphavleg ein inngjerda stad.[6] Personnamn som Gard, Gerd, Gerda, Gjerd og etternamnet Gjerde[7] kan også visa til gjerde eller det vernet gjerde gjev.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Barn byggjer gjerde rundt skulen sin i Kongo.

Gjerde blir ofte bygde med stolpar av tre eller metall som ein grev eller driv ned i jorda eller festar med betong.[8] Dei kan også støttast opp av stativ eller tunge vekter, noko som er vanleg for flyttbare gjerde, eller gjerdet kan byggast så breitt og solid at det står opprett på eiga hand.

Nettinggjerde med piggtråd på toppen.

Sjølve gjerdet kan vera laga av ståande, liggjande eller skråstilte stykke av tre, metall eller andre materiale. Ein kan også bruka netting, ståltråd eller gjerdepanel. Nyare gjerdetypar kan ha mindre og mjukare materiale, som straumførande gjerde eller køskiljarar.

Toppen av gjerdet kan gjerast sikrare ved at han vidar seg ut eller inneheld skarpe delar som gjer det vanskeleg å klatra eller hoppa over det. Nokre gjerde kan også ha varselbitar på toppen for å vekka merksemd.

Gjerde kan flettast fast, bindast saman med materiale som hyssing eller vidje, festast med spiker eller skruer, eller festast ved hjelp av ferdiglaga system.

Nokre gjerde kan ha levande element, og nærma seg hekkar. Dei kan vera laga av levande tre eller buskar

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Mot skade[endre | endre wikiteksten]

Ein kan gjerda inn større eller mindre område mot vilt eller husdyr. Dyrka mark, kyrkjegardar og leikeplassar er døme på stader der ein vil stenga ute dyr som kan gjera ugagn eller skade.

I Norg brukte ein lenge ulvegjerde eller skrubbegjerde for å verna sauer mot ulveåtak. Slike gjerde var kring 1,5 m høge. I nyare tid har ein gjort forsøk på å sikra beiteområde mot ulv og bjørn ved hjelp av elektriske gjerde.[9]

Skadedyrgjerde rundt Sanctuary Mountain Maungatautari.

I nyare tid har ein teke i bruk gjerde mot invasive artar. I Australia finst det til dømes fleire lange kaningjerde, som held kaninar og andre uønska skadedyr ute. Sanctuary Mountain Maungatautari på New Zealand er omkransa av eit langt, tett gjerde som held alle uønska pattedyr bortsett frå mus ute frå eit verna naturområde.[10]

Ein kan også bruka gjerde for å hindra uvelkomne menneske å ta seg inn på ein stad, til dømes for å hindra tjuveri eller hærverk.

Trygging og kontroll[endre | endre wikiteksten]

Tryggingsgjerde kan setjast opp rundt eit område for å verna dei utanfor mot farer, eller for å kontrollera tilgang til området.[11]

Døme på stader ein gjerne vil trygga med gjerde er byggjeplassar, fabrikkar, omformarstasjonar og liknande. Gjerde langs vegar og jernbanar kan hindra dyr eller menneske frå å gå ut i trafikkbana, og verner dermed både dei og trafikk mot ulukker.[12] Kantar med fallhøgd eller ved vatn kan også tryggast ved hjelp av gjerde.

Ein kan bruka gjerde til å halda folk eller dyr innanfor eit visst område, som beite, hage, opphaldsområde eller institusjon.[8]

Dei kan brukast ved gjeting eller samling av husdyr, som i ein geil eller rundt eit beiteområde, til fangst av ville dyr med fangstgjerde,[13] eller til fiske, som med kattise.[14]

Gjerde kan også nyttast til å kontrollera tilgang langs ei grense eller rundt eit kontrollert område. Dette kan både gje trygging og hindra uønskte aktivitetar, som ulovleg tilkomst eller smugling.

Skjerming og dekorasjon[endre | endre wikiteksten]

Bambusgjerde rundt eit bustadområde i Etiopia.
Låge gjerde rundt graver ved London Cemetery and Crematorium.

Gjerde kan brukast til skjerming mot vind, støy eller innsyn.[8] Slike gjerde kan brukast langs ferdselsårer, rundt eigedommar eller bustadområde.

Som del av arkitekturen kan ein ønska å ha gjerde som tek seg godt ut, og dette kan ein oppnå gjennom dekorativ utforming, måling, plantar eller andre dekorasjonar ved gjerdet.[15]

Nokre gjerde er så små at dei er meir dekorative eller symbolske enn funksjonelle. Dei kan markera kantar eller område. Til dømes kan ein setja opp gjerde rundt gravminne.

Nokre gjerdetypar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gorse, Christopher; David Johnston; Martin Pritchard. (2012). «fence». A Dictionary of Construction, Surveying and Civil Engineering. Oxford University Press. 
  2. Magne Reiten. «Gjerdeplikt og ordning av gjerdehald» (PDF). Henta 19. juni 2018. 
  3. «gjerde» i Nynorskordboka.
  4. «gard» i Nynorskordboka.
  5. «gard» i Nynorskordboka.
  6. «gorod». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 19. juni 2018. 
  7. «Gjerde Name Meaning & Gjerde Family History». Ancestry.com. Henta 17. juni 2018. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Gjerde og levegg». Byggmakker. Henta 19. juni 2018. 
  9. Linda Vespestad Journalist; Arne Trolldalen (18. september 2012). «Rovdyrgjerder fungerer, men fylkesmannen sier nei til flere». NRK.no. 
  10. «The Fence». Sanctuary Mountain Maungatautari. 
  11. Gorse, Christopher; David Johnston; Martin Pritchard. (2012). «security fence». A Dictionary of Construction, Surveying and Civil Engineering. Oxford University Press. 
  12. «SAK 55/14 SØKNAD OM TILSKOT VILT OG TRAFIKK HALLINGDAL» (PDF). regionraadet.no. Henta 18. juni 2018. 
  13. Sverre Fjellheim (2013). Gåebrien sijte - en sameby i Rørostraktene. 
  14. «Fiskegjerdet var fra vikingtid». Buskerud fylkeskommune. 16. februar 2015. Henta 18. juni 2018. 
  15. «fence». The Oxford Companion to the Garden. Oxford University Press. 2006. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gjerde