Ingøy kyrkje
Ingøy kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Måsøy | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Hammerfest | ||
Sokn | Måsøy | ||
Fellesråd | Måsøy | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Eyvind Moestue | ||
Material | betong og tre | ||
Innvigd | 1957 | ||
Sitjeplassar | 120 | ||
![]() Ingøy kyrkje 71°04′54″N 24°03′38″E / 71.081557°N 24.060463°E | |||
Wikimedia Commons: Ingøy kirke |
Ingøy kyrkje står i fiskeværet Ingøy nord på Ingøya i Måsøy kommune i Finnmark og er ei langkyrkje frå 1957 bygd i betong og tre. Arkitekt for bygget var Eyvind Moestue.
Soknerådet i Måsøy ynskjer pr. 2014 å kvitte seg med kyrkja, dei som vil halde henne ved like kan få henne gratis. Viss det ikkje fører fram kan dei kome til å avvigsle henne og selje bygget. Grunnen er at det trengst storvøle på særleg grunnmuren, noko dei ikkje har råd til å betale for.[1][2]
Tidlegare kyrkjer
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste kyrkja ein kjenner til på Ingøy var truleg frå 1300–1400-talet. På 1700-talet var denne kyrkja komen i svært dårleg stand, og i 1747 vart kyrkja flytt til Måsøya. I 1860-åra vart det igjen bygd kyrje på Ingøya. Denne kyrkja vart mykje skada i ein orkan og måtte gjenoppbyggast i 1880-åra. Kyrkja stod til ho vart brend ned av dei tyske styrkane då dei trekte seg ut av Finnmark i 1944. Dagens kyrkje vart bygd i åra 1956–1957.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Robin Mortensen og Allan Klo (24. januar 2014). ««– Skal det være ei gratis kirke?»». nrk.no. Henta 28. mars 2014.
- ↑ Bjørgulv K. Bjåen (23. januar 2014). ««Gir bort kirke»». vl.no, Vårt Land. Henta 28. mars 2014.
- Statsarkivet: «Måsøy sokneprestembete» Arkivert 2004-05-14 ved Wayback Machine.
- «Oversikt over nåværende kirker» på nettstaden kirkekonsulenten.no
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen «Ingøy kyrkje» på s. 100 i Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ingøy kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Ingøy kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.