Gamvik kyrkje
| Gamvik kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Finnmark | ||
| Kommune | Gamvik | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Hammerfest | ||
| Fellesråd | Gamvik | ||
| Type | Arbeidskyrkje | ||
| Arkitekt | Gudolf Blakstad / Herman Munthe-Kaas | ||
| Teknikk | Betong | ||
| Material | Betong | ||
| Innvigd | 27. april 1958 | ||
| Kyrkjegard | Det er kyrkjegard ved kyrkja | ||
![]() Gamvik kyrkje 71°03′56″N 28°14′49″E / 71.065556°N 28.246944°E | |||
| Wikimedia Commons: Gamvik kirke | |||
Gamvik kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1958 i Gamvik kommune i Finnmark. Kyrkja er den nordlegaste kyrkja på det europeiske fastlandet.
Gamvik kyrkje er bygd i betong med 224 plassar i kyrkjerommet og 80 i menighetssalen. Arkitektar for kyrkja var Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas.[1]
Ein kan koma til staden via Fv263.
Tidlegare kyrkjer
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste kyrkja i Gamvik vart sett opp i 1856. Ho vart flytta dit frå Gullholmen i Tana, der ho hadde vore misjonskyrkje sidan 1719.[2] Dette fyrste kapellet i Gamvik vart vigsla i 1858. Etter at den andre kyrkja vart bygd i 1894, stod dette samekapellet ved sida av hovedkyrkja fram til 1914.[3]
Den neste kyrkja vart bygd i 1894, og hadde 260 sitjeplassar. Denne vart, som dei fleste andre bygningane i denne delen av Finnmark, brent då dei tyske styrkane trekte seg attende under krigen. Kyrkja brann ned 5. november 1944.
Soknet
[endre | endre wikiteksten]Ved kgl.res. 11. oktober 1968 vart Gamvik sokn utskilt som eige prestegjeld.[4]
Jubileum
[endre | endre wikiteksten]Den noverende kyrkja vart vigsla av biskop Alf Wiig fjerde sundag etter påske, 27. april 1958. I 2008 var det 50-årsjubileum for den nye kyrkja.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]- Galleriet med orgelet
- Nattverd
- Altaret med vove altarbilete
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Gamvik kirke». Kyrkjesøk. Henta 20. juli 2015.
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2007, henta 14. juni 2008
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 12. august 2007, henta 14. juni 2008
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2007, henta 14. juni 2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gamvik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Gamvik kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). «Gamvik kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 104. ISBN 82-75-27022-7.
