Hopp til innhald

Inga Strümke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inga Strümke

Fødd1989
Gummersbach
NasjonalitetNoreg
Områdeforklarbar kunstig intelligens
Yrkepartikkelfysiker, KI-forskar, professor, vitskapsperson
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Simula Metropolitan Center for Digital Engineering
Alma materNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Universitetet i Bergen

Inga Strümke (fødd 1989) er ein norsk fysikar og KI-forskar ved Norwegian Open AI Lab på NTNU.[1]

Inga Strümke vart fødd i Gummersbach i Tyskland.[2] Som fireåring flytta ho til Narvik der ho vaks opp. Ho fullførte vidaregåande skule ved Narvik, avdeling Frydenlund i 2007. Same haust byrja Strümke på NTNU der ho tok mastergrad i teoretisk fysikk i 2012.[3] Dinest tok ho doktorgrad i partikkelfysikk ved Universitetet i Bergen i 2019.[4]

Strümke er førsteamanuensis og forskar innan maskinlæring, forklarbar kunstig intelligens og KI-etikk ved Norwegian Open AI Lab ved NTNU. Ho har tidlegare mellom anna yrkt med «ansvarlig AI» og algoritmerevisjon som rådgjevar for PwC.[5]

Inga Strümke er ein aktiv formidlar som jamnan vert brukt i media. Ho har mellom anna vore deltakar i Abels tårn, radioprogram om populærvitskap på NRK, og i teknologispalta i avisa Morgenbladet. I 2019 fekk ho formidlingsprisen til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.[6]

I 2023 gav Inga Strümke ut boka Maskiner som tenker.[7] Boka vart tildelt Brageprisen for årets beste norske sakprosabok.[8]

I november 2023 fekk ho Forskingsrådets formidlingspris på 500 000 kr.[9]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Inga Strumke - NTNU», www.ntnu.no, henta 2024-04-06
  2. «Søken etter ny fysikk med maskinlæring og parametersøk», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 2024-04-06
  3. «Inga Strümke». LinkedIn. Henta 2024-04-06.
  4. Strümke, Inga (2019-05-02), Parameter Scans and Machine Learning for beyond Standard Model Physics, The University of Bergen, henta 2024-04-06
  5. «Inga Strümke: Norsk bio», strumke.github.io, henta 2024-04-06
  6. «Inga når toppen med formidling i sekken», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 2024-04-06
  7. «Magisk og skummelt om AI. Bokanmeldelse: Maskiner som tenker; Forsker på kunstig intelligens, Inga Strümke, treffer midt i blinken på tidsånden med denne boken». www.vg.no (på norsk bokmål). 2023-04-26. Henta 2023-04-26.
  8. «Brageprisen 2023: Her er vinnerne og årets beste bøker: - Ellevilt». www.vg.no (på norsk bokmål). 2023-11-23. Henta 2023-11-23.
  9. «Inga Strümke har fått mange tilbud fra utlandet, men er mest opptatt av at det skal gå bra med KI i Norge». www.forskerforum.no (på norsk bokmål). Henta 2023-11-17.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Inga Strümke