Ingemar Erlandsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingemar Erlandsson

Ingemar Erlandson (1979).jpg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 16. november 1957
Glimåkra
Død

9. august 2022 (64 år)

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1978

Bo Ingemar Erlandsson (16. november 19579. august 2022) var ein svensk tidlegare fotballspelar frå Glimåkra. Han var i over ti år venstreback på det sterke Malmö FF-laget.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Erlandsson kom i 1976 til Malmö FF frå Glimåkra IF. Allereie året etter vart han svensk meister med Malmö. Våren 1979 var han med på å kvalifisere klubben til finalen i europacupen, finalen på Olympiastadion i München enda med tap 0–1 mot Nottingham Forest. I 1986 lukkast Malmö og Erlandsson på ny å vinne den svenske seriemeisterskapen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I april 1978 debuterte Erlandsson på Sverige sitt landslag og fekk same året plass i Sverige sin tropp til VM 1978 i Argentina. Han spelte 69 landskampar i tida fram til november 1985, skåra 2 mål. Erlandsson var kaptein i 48 kampar, fast kaptein 1981-85.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]