Europacupen i fotball 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1979 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Liverpool FC. Turneringa var den 24. i rekka. I finalen 30. mai 1979 i München vann engelske Nottingham Forest 1-0 over svenske Malmö FF. Triumfen var den fyrste av to rake for det engelske laget, og det var tredje året på rad eit engelsk lag sigra i Europacupen i fotball.

Europacupen 1979 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 15. august 1978 med ei forrunde mellom seriemeistrane frå Frankrike og Romania, høvesvis AS Monaco og FC Steaua București. Etter to ordinære cuprundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1979.

Vinnarlaget frå Nottingham slo etter tur ut tittelforsvarar Liverpool FC, AEK Athen, Grashoppers frå Zürich og FC Köln. Finalemotstandar Malmö FF vann over AS Monaco, Dynamo Kiev, Wisła frå Kraków og Austria Wien.

Lagoppstillingane i finalen i München. Nottingham Forest i raudt

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Om lag 57 000 tilskodarar såg finalen på Olympiastadion i München 30. mai 1979. Trevor Francis vart matchvinnar for Nottingham Forest då han skåra det einaste målet i kampen, straks før dommaren bles pause.

Vinnarlaget Nottingham Forest bestod av: Peter Shilton, Viv Anderson, Larry Lloyd, Kenny Burns, Frank Clark, Trevor Francis, John McGovern (kaptein), Ian Bowyer, John Robertson, Tony Woodcock og Garry Birtles.

Malmö FF mønstra fylgjande mannskap: Jan Möller, Roland Andersson, Kent Jönsson, Magnus Andersson, Ingemar Erlandsson, Staffan Tapper (kaptein), Anders Ljungberg, Robert Prytz, Jan-Olov Kinnvall, Tommy Hansson og Tore Cervin. Claes Malmberg tok plassen til skadde Tapper i det 36. minutt og Tommy Andersson kom inn i staden for Hansson åtte minuttar før kampen var over.

Erich Linemayr frå Austerrike var finaledommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]