Inkhil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°0′N 36°7′E
Inkhil
أنخل
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Al-Sanamayn-distriktet
Nahiyah Al-Sanamayn
Koordinatar 33°0′N 36°7′E
Folketal 31 258 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Inkhil (arabisk أنخل, òg skrive Ankhil) er ein by i al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement sør i Syria, nord for Daraa og like aust for GolanhøgdeneHauransletta. I 2004 registrerte Syrisk statistisk sentralbyrå eit folketal på 31 258.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under Romarriket var Inkhil dominert av det ghassanidske arabiske kongedømet, ein vasall under romarane, basert i den nærliggande Jabiya i vest.[2] Blant ruinane i byen finst det ein stor villa, datert til 100-talet evt.. Inne i bygningen er ein stor kvelva sentral hall, som er knytt til fleire rom med byster og andre bysantinske skulpturar av basalt. Fasaden har ein særs dekorert inngang og konkylieforma nisjer.[3]

Byen bestod av kring 50 hus tidleg i 1840-åra og alle innbyggjarane var muslimar.[4] I Palestine Exploration Fund sitt Quarterly Statement vart Inkhil registrert å vere ein «liten plass med 55 til 60 hus».[5]

Inkhil var ein av dei første byane som deltok i opprøra som førte til den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad i mars 2011 etter demonstrasjonane i Daraa.[6] Den 19. august vart fire demonstrantar drepne og dusinvis skadde etter at syriske tryggingsstyrkar skaut mot demonstrasjonen frå ein moské etter fredagsbøna.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Shahid, s.203.
  3. Ball, s.240-241.
  4. Royal Geografikal Society, s.335.
  5. Palestine Exploration Fund, s.190.
  6. Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01. Henta den 1. juli 2014.
  7. Inkhil Live Blog. Al Jazeera English. 2011-08-19. Henta 1. juli 2014.