Al-Sanamayn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Sanamayn
الصنمين
by
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Al-Sanamayn-distriktet
Nahiyah Al-Sanamayn
Høgd 640 moh.
Koordinatar 33°04′16″N 36°11′3″E / 33.07111°N 36.18417°E / 33.07111; 36.18417
Folketal 26 268  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Sanamayn
33°04′16″N 36°11′03″E / 33.071111111111°N 36.184166666667°E / 33.071111111111; 36.184166666667
Wikimedia Commons: Al-Sanamayn

Al-Sanamayn (arabisk الصنمين, òg skrive Sanamein, Sanamain, Sunamein) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement og senter i al-Sanamayn-distriktet. Han ligg 55 kilometer nord for Daraa og 50 kilometer sør for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Shams i nordvest, Deir al-Bukht i nord, Jabab i nordaust, Bassir i aust, Tubna i søraust, Inkhil i sørvest og Qayta i vest.[1]

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Sanamayn eit folketal på 26 268 i 2004. I tillegg til å vere senter i al-Sanamayn-distriktet, er byen òg det adminstrative senteret og den nest største byen i al-Sanamayn nahiyah («underdistrikt») som består av 16 busetnader med eit samla folketal på 113 316 i 2004.[2] Innbyggjarane i byen består hovudsakleg av sunnimuslimar.[3] Al-Sanamayn ligg 640 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Namnet al-Sanamayn er arabisk for «Dei to idola.» Han har blitt identifisert som den romerske landsbyen Aere,[4][5][6] ein stasjon nemnt i Itinerarium Antonini på vegen mellom Damaskus i nord og Nawa i sør.[5] Eit tempel i al-Sanamayn er tileigna Tyche, den greske gudinna for lykke, og er datert til 191 fvt.[4][6] Eit anna var tilsynelatande tileigna den romerske varianten av gudinna, Fortuna, som var sentralt i statskulten til Bosra. Dette er datert frå tidleg til midten av 200-talet fvt. under regjeringstida til keisar Septimius Severus.[5] Ein inskripsjon frå Batanea frå regjeringstida til den romerske keisaren Julian den fråfalne på midten til seint på 300-talet vart oppdaga i al-Sanamayn.[7]

Islamsk mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Ein fredsavtale mellom Baldwin I, krossfarar-kongen av Jerusalem, og Toghtekin, den muslimske herskaren i Damaskus vart signert ved al-Sanamayn i 1111.[8] Avtalen vart signert etter ein krossfararhær følgde muslimske styrkar til Lejah vart overrumpla og kringsett ved al-Sanamayn.[9] I desember 1168 samla Imad ad-Din Zengid ein hær ved al-Sanamayn for å sette i gang eit åtak mot Egypt for å hindre dei mistenkte ambisjonane om sjølvstende til Fatimid-vesiren Shirkuh, som opphavleg vart send til Egypt av Imad ad-Din Zengids for å hundre ein krossfararinvasjon. Imad ad-Din Zengid sultan Nur al-Din gav kvar soldat 20 dinarar før dei vart sende av stad.[10]

Staden vart vitja av ein syrisk mellomaldergeograf, Yaqut al-Hamawi i 1220-åra under Ajjubide-dynastiet, og han merka seg «ein by i Hauran, to marsjarar frå Damaskus.»[11] Frå Mellomalderen til i dag vart tempelet dedisert til Tyche nytta som moske. I dag er han òg ein av dei best bevarte romarbygningane i Syria.[6]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

Som i andre byar langs hajj-ruta (den muslimske pilegrimsruta til Mekka), bygde den osmanske sultan Selim I ei festning i al-Sanamayn tidleg på 1500-talet. Lokale janitsarar vart sett i garnison i festninga i al-Sanamayn i motsetnad til Muzayrib i nærleiken, som vart bemanna av keisaren sine soldatar.[12] I 1596 vart byen i osmanske skattelister kalla Sanamayn og var ein del av nahiya Bani Kilab i Qadaen Hauran. Han hadde ein fullstendig muslimsk folkesetnad og bestod av 80 hushald og 37 ungkarar. Skatane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikuber, og ei vassmølle.[13]

Midt på 1800-talet skreiv oppdagaren Josias Leslie Porter at ruinane av eit par tempel låg i byen og at den mest «slåande bygningen» var eit tempel i korintisk stil med ornament av kalkstein, som hadde blitt omgjort til ei kristen kyrkje. I tillegg skreiv han at det var restar av fleire store og vakre bygg, og at somme av husa er i den beste hauranske arkitekturstil.[5] Omtrent på same tida vart det av Royal Geographic Society skrive at al-Sanamayn var ein fullstendig muslimsk by med kring 60 hus og ein inngang markert av store basaltiske steinblokker.[14] Han høyrer til ein tyrkisk familie kalla Kawwas-oghlu som heldt leirplassar mellom byen og Khan Dannun i nord. Al-Sanamayn var godt forsynt med vatn.[15]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av andre verdskrigen hadde dei frie franske styrkane hovudkvarter i al-Sanamayn. Syria vart styrt av det franske mandatet på den tida.[16]

Al-Sanamayn vart av dei første byane som starta massedemonstrasjonar mot regjeringa til Bashar al-Assad den 18. mars 2011, i lag med andre byar i Hauran som Daraa, Inkhil, Jasim og Da'el. I følgje opposisjonsaktivistar skaut ikkje tryggingsstyrkane mot demonstrantane denne dagen.[17] Den 25. mars vart likevel 20 demonstrantar skotne og drepne av regjeringsstyrkaneetter at ein statue av president Hafez al-Assad, far til den noverande presidenten, vart sett i brann.[18] Ein aktivist i Damaskus hevda at fleire demonstrantar - så mange som 20 i følgje somme vitne - vart drepne under eit forsøk på å marsjere mot Daraa for å syne solidaritet før dei vart angripne av tryggingsstyrkar. Frå regjeringa vart det hevda at ei væpna gruppe gjekk til åtak på hovudkvarteret til den syriske hæren i al-Sanamayn.[19] Den 18. september vart ein elleve år gammal gut visstnok skogen i hovudet av tryggingsstyrkar under ein boikott av studentar i al-Sanamayn den første skuledagen i 2011-2012.[20]

Den 11. april 2013 vart byen gjenerobra av den syriske hæren.[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sanamayn Map. Mapcarta. Kart over al-Sanamayn og stader i nærleiken.
  2. Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-20 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  3. Yassin-Kassab, Robin. After all this bloodshed, there is no going back for Syria. The Guardian. 2011-06-16.
  4. 4,0 4,1 Butcher, 2003, s. 237.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Porter, 1858, s. 535.
  6. 6,0 6,1 6,2 Nelles Guide, s. 56.
  7. Satre, 2005, s. 209.
  8. Shatzmiller, 1993, s. 204.
  9. Gibb, s. 113.
  10. Burns, 2005, s. 159.
  11. le Strange, 1890, s. 530-531.
  12. Peters, 1994, s. 154.
  13. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 209.
  14. Royal Geographic Society, s. 335.
  15. Royal Geographic Society, s. 337.
  16. Michie, 1942, s. 82.
  17. Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01.
  18. Protests in Syria: Road to Damaskus. The Economist. 2011-03-26.
  19. Troops open fire as protests explode across Syria. USA Today. Originally published by Associated Press. 2011-03-25.
  20. Child shot dead i Syria protests. UPI. United Press International, Inc. 2011-09-18.
  21. Bassem Mroue (11. april 2013). «syrisk troops launch counterattack on south». Associated Press. Arkivert frå originalen 15. mai 2013. Henta 15. april 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]