Ioamnet Quintero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ioamnet Quintero
Statsborgarskap Cuba
Fødd 8. september 1972 (51 år)
Havanna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Ioamnet Quintero Álvarez (fødd 8. september 1972) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Havanna som i 1993 vart verdsmeister i høgdehopp, året etter ho tok OL-bronse i same øvinga.

Quintero vann med eit hopp på 1,97 meter bronsemedaljen under dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona, i ei tevling der tyske Heike Henkel vart olympisk meister ved å svinge seg over 2,02 meter, medan Galina Astafei frå Romania fekk sølv med sine 2,00 meter.

I mars 1993 gjekk Quintero over 2,01 m innandørs i Berlin. Tidleg i august månad sette ho personleg utandørsrekord med 2,00 meter ved eit stemne i Monaco. Ho var også i toppform då høgdefinalen i verdsmeisterskapen 1993 gjekk av stabelen i Stuttgart to veker seinare, med eit bestehopp på 1,99 meter vann ho gullmedaljen framom landskvinna Silva Costa, med Sigrid Kirchmann frå Austerrike på tredjeplassen, begge desse klarte 1,97 meter.

Quintero var aktiv til 2000, utan å nå heilt opp mot sitt tidlegare toppnivå dei siste sesongane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]