Irwell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 53°28′21″N 2°15′55″W
Irwell
elv
Irwell, Salford.jpg
Irwell ved Salford, mot sentrum av Manchester
Land Flag of England.svg England
Tilløp
 - venstre Croal
 - høgre Roch
Kjelde
 - stad Cliviger, Lancashire
 - høgd 400 moh.
 - koordinatar 53°43′54″N 2°11′49″W
Munning
 - stad Manchester Ship Canal, Salford, England
 - koordinatar 53°28′21″N 2°15′55″W
Map of River irwell.png
Wikimedia Commons: River Irwell

Irwell er ei elv i Lancashire og Stor-Manchester i England. Ho skil Manchester og Salford frå kvarandre, og renn ut i Mersey. Irwell var ei sentral transportåre under den industrielle revolusjonen.

Elva har utspringet sitt i heiane ved Cliviger. Ho renn sørover gjennom Bacup, Rawtenstall, Ramsbotton og Bury. Nær Radcliffe renner Roch inn i Irwell, som så dreier vestover. Utanfor Farnworth kjem endå ei sideelv, Croal, og Irwell dreier igjen sørover og svingar seg gjennom Manchester. I byen renn òg Irk og Medlock inn i Irwell. Frå Salford dreier elva igjen mot vest, og held denne retninga inntil ho møter Mersey sør for Irlam. Det siste stykket av elva vart lagt om noko mot slutten av 1800-talet for å gjere ho til ein del av Manchester skipskanal.

Mot slutten av 1600-talet hadde forretningsmannen Thomas Patten gjort Mersey farbar opp til heimbyen sin Warrington. Han meinte at det kunne liggje stor profitt i å gjere det same med Irwell opp til Manchester. I 1721 autoriserte Parlamentet dette gjennom Mersey and Irwell Navigation Act. Arbeidet var fullført i 1736 med åtte slusar på den omkring 32 km lange strekninga. Dermed kunne fartøy på opptil 50 tonn segle opp til Warrington. Elva vart dermed viktig for bomullsindustrien under den industrielle revolusjonen.

James Brindley anla Bridgewater-kanalen var kryssinga av Irwelldalen ei av dei vanskelegaste utfordringane. Løysinga var å leggje kanalen på ei bru over elva, på den første kommersielle akvedukten i verda. Brua har tre bogar, er tolv meter høy, 200 meter lang og elleve meter brei. Ho vart opna i 1761, og fekk kallenamnet «castle in the air».

Utover på 1800-talet vart det behov for stadig større transportfartøy, og Liverpool byrja å etablere seg som viktigaste hamna i området. Dermed vart Manchester skipskanal opna i 1894. Ho kom for seint til å redde bomullsindustrien, men gjorde Manchester til den tredje største hamna til landet, trass i at byen ligg omkring 65 km frå kysten.

Det vart under bygginga av skipskanalen klårt at brua til Brindley måtte rivast, sidan ho var for låg for skipa. Dei lokale styresmaktene i Eccles klarte å få verna han, ved å betale for flyttinga til staden der ho no står. Bridgewater-kanalen blir i staden ført over dalen på Barton Swing Aqueduct, ei form for svingbar bru med slusefunksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]