Isaac Viciosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isaac Viciosa
Statsborgarskap Spania
Fødd 26. desember 1969 (54 år)
Cervatos de la Cueza
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Isaac Viciosa (fødd 26. desember 1969) er ein spansk tidlegare mellom- og langdistanseløpar. Han vart europameister på 5 000 meter i 1998.

Viciosa syrgde for spansk dobbelsiger på 1500 meter då EM i friidrett 1994 vart avvikla i Helsinki, favoritten Fermín Cacho vann løpet. Sommaren 1998 var Viciosa i sitt livs toppform. Den 9. juli på Bislett stadion i Oslo sette han europarekord på 3 000 meter med tida 7.29,3. Fem dagar seinare presterte han livsbeste 13.09,6 på 5 000 meter på Stadio Olimpico i Roma. 8. august forbetra han 1500-meterrekorden sin til 3.30,9 i Monaco. To veker seinare spurta Viciosa frå konkurrentane og vann gullmedaljen på 5 000 meter under europameisterskapen i Budapest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]