Isaak Levitan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isaak Levitan. Sjølvportrett. 1880

Isaak Iljitsj Levitan (russisk: Исаак Ильич Левитан) (30. august 18604. august 1900) var ein russisk kunstmålar som vidareførte sjangeren nemnt som stemningslandskap.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Isaak Levitan kom til verda i småbyen Kybartai i Kaunas-regionen i Litauen (den gong ein del av Tsar-Russland). Foreldra var jødiske, faren son av ein rabbi. Faren var elles mykje sjølvlærd, hadde lært seg tysk og fransk i Kaunas og arbeidde seinare som tolk for eit fransk byggefirma som anla jarnvegar. Levitan-familien flytta i 1870 til Moskva.

Hausten 1873 begynte Isaak Levitan ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur, der den eldre broren Avel hadde teke til to år i førevegen. Etter eit år i kopieringsklassa vart Isaak overflytt til naturalist-klassa, og straks deretter over i landskaps-klassa. Lærarane hans var målarane Aleksej Savrasov (som hadde størst innverknad på han), Vasilij Perov og Vasilij Polenov.

Mor hans døydde i 1875 og faren vart alvorleg sjuk og døydde eit par år seinare. Isaak fekk som ei følgje av sitt talent og sine prestasjonar eit stipend som gjorde han i stand til å vidareføre målarstudiane.

Landskapsmålar[endre | endre wikiteksten]

Haustdag. Sokolnikij. 1879

I slutten av 1870-åra arbeidde Levitan ofte i nærleiken av Moskva, og skapte sin særeigne variant av stemningslandskap. Forma i desse måleria og tilstanden i naturen er åndeleggjort, og er å oppfatte som berarar av tilstanden i menneskesjela. Det fremste uttrykket for dette er måleriet Haustdag. Sokolnikij (1879), som i 1880 vart kjøpt av kunstsamlaren Pavel Tretjakov.

Våren 1884 var måleri av Levitan representert ved ei vandreutstilling som Peredvizjnikij-rørsla stod bak. Levitan vart i 1891 medlem av Peredvizjnikij-gruppa.

Sommaren 1890 reiste Levitan til Jurjevets og mellom fleire landskapsmåleri måla han Utsikta frå Krivojoserskij-klosteret. Under opphaldet her la han planen til eit av sine beste måleri, Det stille klosteret. Framstillinga av det stille klosteret, med trebruer som knyter det til utomverda, er eit uttrykk for kunstnaren sine åndelege refleksjonar.

Levitan sine verk avspeglar den lyriske sjarmen i det russiske landskapet. Bortsett frå eit par unnatak, måla Levitan aldri bylandskap. Han fann størst glede i poetiske stader i skogen og i mjuke, landlege utsyn. Karakteristisk for hans arbeid er stillvorne og nær på melankolske drøymeri i pastorale landskap, for ein stor del fri for menneskeleg nærvær.

Kyrkjeklokker i kveldinga. 1892

Døme på dette ser ein i Vladimirka og Kyrkjeklokker i kveldinga (begge 1892), og Evig kvile (1894), som alle finst i Tretjakovgalleriet. Sjølv om hans seinare arbeid viser slektskap med impresjonismen, er fargebruken meir dempa enn hos impresjonistar. Biletsynet er også meir naturalistisk og poetisk, heller enn optisk eller vitskapleg.

Annan kunstaktivitet[endre | endre wikiteksten]

På 1880-talet samarbeidde Levitan med mellom andre forfattaren Anton Tsjekhov om det illustrerte magasinet "Moskva". Og han illustrerte bøker. Saman med målarkollegaen Konstantin Korovin måla han i 1885-86 kulissane ved opera-oppsetningane på den privateigde operaen til Savva Mamontov.

Siste leveår[endre | endre wikiteksten]

Levitan vart i 1897 innvald i St. Petersburgs kunstakademi. Han levde sine siste leveår i Tsjekhov-heimen på Krim. Trass i at han var livsvarig sjuk, er dei seinare måleria oftare enn tidlegare prega av lyse fargetonar. Bileta er ei lovprising av det fredstemte og vakre i russisk natur. Isaak Levitan etterlet seg meir enn tusen bilete, mellom anna akvarellar, pastellar, grafikk og illustrasjonar til bøker.

Levitan hadde korkje familie eller born. Han vart gravlagt på den jødiske gravstaden Dorogomilovo i Moskva. I august 1941 vart leivningane hans flytta til Novodevitsjijgravstaden, jamsides Tsjekhov si grav.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isaak Levitan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]