Vasilij Polenov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilja Repin:Portrett av Vasilij Polenov, 1877

Vasilij Dmitrijevitsj Polenov (russisk: Василий Дмитриевич Поленов) (1. juni 184418. juli 1927) var ein russisk kunstmålar knytt til Peredvizjnikij-rørsla. Også den yngre systera Jelena Polenova var ein framståande målar.

Yngre år. Historiemålar[endre | endre wikiteksten]

Polenov var fødd i St. Petersburg. Frå 1863 til 1871 studerte han kunstmåling på St. Petersburgs kunstakademi, mellom andre under Pavel Tsjistjakov. Polenov vart tildelt si første gullmedalje i 1869 for måleriet Job og hans vener.

I 1872 la Polenov ut på ei reise til andre europeiske land, vitja Wien, München, Venezia, Firenze og Napoli. I lengre tid budde han i Paris. Han måla i denne perioden ei rekke bilete i ånda til den akademiske stilen. Bileta henta emne, tema frå europeisk historie (Le droit de Seigneur, (1874), i Tretjakovgalleriet). Samstundes arbeidde han i mange høve med friluftsmåling.

I 1876 vende Polenov tilbake til Russland, slo seg ned i Moskva. Han deltok i den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878 som krigsmålar, i realiteten hoffmålar som følgde tsaren.

Gardsplass i Moskva, 1878

Landskapsmålar[endre | endre wikiteksten]

Frå slutten av 1870-åra konsentrerte Polenov seg om landskapsmåling, i den realistprega tradisjonen etter Aleksej Savrasov og Fjodor Vasiljev. Han la vinn på å føre i hop den tause poesien han opplevde i russisk natur og dagleglivet til menneska i den same naturen. Polenov vart medlem av Peredvizjnikij, tok del i denne rørsla sine vandreutstillingar. Verka vekte åtgaum hos Pavel Tretjakov, som handla inn mange av dei til galleriet sitt.

Polenov var ein av dei første russiske kunstmålarane som oppnådde å kombinere friluftsmåleriets friske fargar med gjennomført kunstnarisk komposisjon. Døme på dette ser ein i Gardsplass i Moskva og i Bestemors hage (begge 1878).

Polenov sine skisser frå ei reise til Istanbul, Syria, Palestina og Egypt i 1884 opna vegen for hans meisterstykke Kristus og syndarinna (1886-87). Måleriet er eit forsøk på oppdatere akademi-stilen, gjere den meir naturtru. I arbeida frå 1880-talet la Polenov ofte vinn på å kombinere emne frå Nytestamentet med sin kjærleik til landskap.

Polenov sine prinsipp og metodar fekk stor innverknad på vidareutviklinga av russisk (og særleg sovjetisk) landskapsmåling. Mellom 1882 og 1895 var han lærar ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Blant hans elevar fanst Abram Arkhipov, Isaak Levitan, Konstantin Korovin og Aleksandr Golovin.

Kristus og syndarinna, 1886-87

Seinare år, ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Polenov vart innvald i St. Petersburgs kunstakademi i 1893, og utnemnd til Folkets kunstnar av Sovjetunionen i 1926. I dag er det vanleg å gje historiemåleria hans forrang i høve til landskapsmåleria.

Polenov dreiv også med utsmykking av teaterscener. Fremst mellom oppdrag av den art var hans utsmykkingar av Savva Mamontov sin private opera i Moskva, og den same sitt herskapshus i Abramtsevo. Åra 1910-18 var Polenov involvert i eit folketeater-prosjekt.

Polenov døydde i landsbyen Borok i Tula oblast. Heimen hans i Borok er omgjort til nasjonalt kunstmuseum, og landsbyen har fått namnet Polenovo til minne om hans namn, liv og virke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vasilij Polenov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]