Isabellasteinskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isabellasteinskvett
Isabellasteinskvett
Isabellasteinskvett
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Steinskvettar Oenanthe
Art: Isabellasteinskvett O. isabellina
Vitskapleg namn
Oenanthe isabellina

Isabellasteinskvett (Oenanthe isabellina) er ein liten sporvefugl som tidlegare vart klassifisert som medlem av trastefamilien Turdidae, men er no meir generelt sett på som ein medlem av flugesnapparfamilien Muscicapidae. Han er ein insektetande trekkfugl. Habitatet for arten er stepper og opne landskap, hekkeområdet ligg i Sør-Russland og Sentral-Asia til Nord-Pakistan, overvintring skjer i Afrika og nordvestlege India. Han er ein sjeldan streiffugl i Vest-Europa.

Isabellasteinskvetten liknar ein hofugl og generelt fuglar i haustdrakt av arten steinskvett. Hannfuglar i hekkedrakt skil seg likevel ved at isabellsteinsvetten er meir brunoransje i farga der steinsvetten er grå til svart. Omgrepet isabelline refererer til den pergamentliknande farga. Kjønna er nesten like.

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet er frå den spesifikke isabellinus, nylatin for «grågul» sannsynlegvis oppkalla etter Isabella av Castilla, som blir sagt å ha lova å ikkje endre undertøyet hennar før Spania vart frigjort frå maurararane.[1] Slektnamnet Oenanthe er avleidd av den antikke greske oenos (οίνος) «vin» og anthos (ανθός) «blomster». Det refererer til arten steinskvetten sin retur til Hellas om våren akkurat når vinrankene blomstrar.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda er 16-17 centimeter og vekta kan bli opptil 39 gram.[2] Oversida har ei lys sandbrun farge med eit fargeskjær av 'isabelline'; isabelline er ei lys grågul, krembrun eller pergamentsfarge. Oversida er isabellin og overgump og øvre haledekkfjører er kvite. Halefjørene er brunsvarte med ein ein stor kvit base. Strupen er bleikt kremfarga, brystet er sandfarga eller isabellin gulbrun og buken kremkvit. Nebbet, beina og føtene er svarte og irisane er mørke.

Isabellasteinskvetten kan forvekslast med arten steinskvett, men han har litt større kroppslengde, har relativt kortare venger og hale, lengere nebb, sit meir oppreist og er meir brunoransje i farga. Det svarte endebandet på halen som er så tydeleg i flukt er breiare hos isabellasteinskvetten, dekkfjørene på undersidene av vengene er lyse, medan dei hos arten steinskvett er nokså mørke. I motsetnad til hos arten steinskvett, så er kjønna av isabellasteinskvetten nokså like.

Songen er karakterisert som «skravlande» med kjappe, korte plystretonar.[3]

Leveområde og habitat[endre | endre wikiteksten]

Isabellasteinskvett er ein trekkfugl med eit austleg palearktisk hekkeområde. Hekking går føre seg litt inn i søraustlegaste Europa, i Sør-Russland, Anatolia, Levanten og Sentral-Asia inkludert Kasakhstan, Afghanistan, Mongolia og vide, nordvestlege delar av Kina. Overvintringsområdet er gjennom Sahel frå sørlege Mauritania i Vest-Afrika over til Etiopia og Somalia, samt austlegaste Afrika sørover til nordlegaste Tanzania. Dessutan på Den arabiske halvøya, i sørlege Irak og Iran, Pakistan og nordvestlege delar av India.

I hekkesesongen finst isabellasteinskvetten i opne, karrige landområde, tørre regionar, steppar, høge platå og i dei nedre bakkesidene av åsar. I vinterkvarteret okkuperer dei liknande naturtypar i halvtørre regionar, tørre område med lite vegetasjon òg på grenser mot dyrka område, føretrekker spesielt sandmark.

Spontant i Noreg

Artsobservasjoner har 11 registreringar av isabellasteinskvett i perioden september 1977 til oktober 2016. Alle desse er frå månadene september, oktober og november.[4]

Status[endre | endre wikiteksten]

Isabellasteinskvett har eit omfattande utbreiingsområde, og ein stor populasjon med anslagsvis totalt 27,5 til 83 millonar modne individ. Bestanden ser ut til å vere stabil, og IUCN vurderer statusen som livskraftig, LC.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 207, 280. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Collar, N. (2019) Isabelline Wheatear (Oenanthe isabellina) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 17. november 2019
  3. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 17. november 2019. 
  5. BirdLife International (2019) Species factsheet: Oenanthe isabellina. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. november 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isabellasteinskvett