Isabella av Castilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isabella

Isabella den katolske (la Católica). Måleri tillagt Juan de Flandes.
Regjeringstid13. desember 1474–
26. november 1504
Spansk namnIsabel I
GammalspanskYsabel I
Fødd22. april 1451
FødestadMadrigal de las Altas Torres
Død26. november 1504
DødsstadMedina al Campo
GravstadCapilla Real de Granada
FøregangarHenrik IV
EtterfølgjarJohanna
Gift medFerdinand II av Aragón
EktefelleFerdinand V
KongehusHuset Trastámara
DynastiHuset Trastámara
FarJohan II av Castila
MorIsabella av Portugal
BornJohanna av Castilla, Isabella av Portugal, Johan av Aragón, Maria av Aragon og Castilla, Katarina av Aragón

Isabella I (22. april 145126. november 1504), kjend som Isabella den katolske, var regjerande dronning av eit sameint Spania frå 1479 til 1504. Ho var fødd i Madrigal, og døydde i Medina al Campo.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ho var dotter av Johan II av Castilla (1405-1454) og Isabella av Portugal. Isabella I gifta seg med syskenbarnet Ferdinand II av Aragonia den 19. oktober 1469, noko som la grunnen for ei spansk riksdanning. Ho etterfylgde broren Henrik IV av CastillaCastilla si trone i 1474 men var tvinga til å forsvara arveretten sin mot brordottera Juana la Beltraneja.

Det katolske kongeparet tilber Madonna og Jesusbarnet. Måleri frå 1490-95 av Fernando Gallego eller ein elev.

Skipinga av Spania[endre | endre wikiteksten]

I 1479 kom Ferdinand på trona i Aragón. Ekteskapet deira skapte ein personalunion mellom dei to rika deira,[1] og same året tok Isabella og Ferdinand tittelen «konge og dronning av Spania». Paven tildelte dei tilnamnet «dei katolske».

Under Isabella og Ferdinand blei den kristne gjenerobringa (Reconquista) av den iberiske halvøya fullført. Den spanske inkvisisjonen vart etablert i 1478. I sin kamp mot kjetteri erobra dei spanske styrkane i 1492 det siste muslimske fotfestet på den iberiske halvøya, kongeriket Granada. Same året vart alle jødar utvist frå landet, eller tvinga til å konvertera til katolisismen.[1]

Kongeparet er også kjend for å ha gjeve Christoffer Columbus støtte i forsøket hans på å finna ein sjøveg i vest til India. I staden oppdaga han Amerika, noko som danna grunnlag for det spanske imperiet.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Imsen, Steinar. «Isabella den katolske» (16. mai 2013). I Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isabella av Castilla