Hopp til innhald

Ishockey-VM 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i ishockey 1973 vart arrangert i Moskva i Sovjetunionen i tida frå 31. mars til 15. april 1973. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei seks deltakarlanda møttest i doble innbyrdes oppgjer. Arrangørlandet Sovjetunionen vart verdsmeister etter å ha vunne alle kampane. Sverige tok andreplassen og Tsjekkoslovakia kom på tredjeplass.

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1  Sovjetunionen 10 10 0 0 100 - 18 20
2  Sverige 10 7 1 2 53- 23 15
3  Tsjekkoslovakia 10 6 1 3 48 - 20 13
4  Finland 10 3 1 6 24 - 39 7
5  Polen 10 1 1 8 14 - 76 3
6  Vest-Tyskland 10 1 0 9 19 - 82 2

Sovjetunionens meisterlag

[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Vladislav Tretjak, Aleksandr Sidelnikov
Forsvarar: Aleksandr Ragulin, Valerij Vasiljev, Aleksandr Gusev, Vladimir Lutsjenko, Jurij Ljapkin, Jevgenij Paladjev, Gennadij Tsygankov
Løparar: Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Sjadrin, Aleksandr Martinjuk, Vjatsjeslav Anisin, Jurij Lebedev, Aleksandr Voltsjkov, Aleksandr Bodunov.