Ishockey under Vinter-OL 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ishockey under Vinter-OL 1964 vart arvikla i tida frå 27. januar til 9. februar 1964 i Innsbruck. Kampane vart avvikla på to arenaer i OL-byen, Olympiahalle og Messehalle. Nybygde Olympiahalle hadde i 1964 plass til 10 836 tilskodarar. Sovjetunionen vann alle sine kampar og tok gull, Sverige kneip sølvplassen framom Tsjekkoslovakia, som fekk bronse, og Canada som vart nummer fire.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

16 land deltok i ishockeyturneringa, som tok til med ei utslagsrunde. Vinnarane av utslagskampane gjekk vidare til eit seriespel som avgjorde medaljefordelinga. Taparane i utslagsrunda møttest til seriespel om plasseringane 9-16. Noreg tapte sin utslagskamp mot Sveits, men var nest best i si serie og enda dermed på 10. plass.

Meisterspelet[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1  Sovjetunionen 7 7 0 0 54 - 10 14
2  Sverige 7 5 0 2 47 - 16 10
3  Tsjekkoslovakia 7 5 0 2 38 - 19 10
4  Canada 7 5 0 2 32 - 17 10
5  USA 7 2 0 5 29 - 33 4
6  Finland 7 2 0 5 22 - 31 4
7  Tyskland 7 2 0 5 13 - 49 4
8  Sveits 7 0 0 7 9 - 57 0

Sovjetunionen sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Viktor Konovalenko, Boris Zajtsev
Forsvarar: Eduard Ivanov, Aleksandr Ragulin, Viktor Kuzkin, Vitalij Davidov, Oleg Zajtsev
Løparar: Vjatsjeslav Starsjinov, Anatolij Firsov, Venjamin Aleksandrov, Aleksandr Almetov, Viktor Jakusjev, Konstantin Loktev, Leonid Volkov, Boris Majorov, Jevgenij Majorov, Stanislav Petukhov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]