Hopp til innhald

Isop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isop
Isop
Isop
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Slekt: Hyssopus
Art: Isop H. officinalis
Vitskapleg namn
Hyssopus officinalis

Isop (Hyssopus officinalis) er ein plante i leppeblomfamilien som er blitt brukt til matlaging og urtemedisin.[1]

Isop dannar ein dvergbusk som blir 30–90 cm høg. Han har eggforma blad somer heile eller rundtanna. Bomane dannar lange aks i toppen av greinene. Dei er som regel blå,men kan også vera rosa eller kvite. Planten har ei stram krydderlukt.[1]

Planten stammar frå Sør-Europa og Vest-Asia. I oldtida blei han brukt i seremoniar, og ble i oldtiden brukt ved seremonier (nevnt i Bibelen), i nyere tid medisinsk. I folkemedisinen er isop blitt brukt mot nattesveitte, luftvegskatarr, gikt og magetrøbbel.[1]

Han er ein framandart som veks forvilla nokre stader i Noreg, på tørre bakkar og knausar.[1][2]

Blad og blomsar gjev ein bittersøt smak til sitrondrikk og kan også brukast i salatar og grønsaksupper. Urten tar bort transmak frå feit fisk, og er difor eit godt krydder for sild.[1]

  1. 1 2 3 4 5 «isop» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 975.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]