Issledovatelskomfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Issledovatelskomfjella (russisk Исследовательском хребте, Issedovatelskom khrbete, tyder «Forskingsfjella») er ei fjellkjede heilt nord i Uralfjella. Ho strekkjer seg nord for polarsirkelen og dannar grensa mellom republikken Komi og Khanty-Mansia autonome okrug. Issledovatelskomfjella er 175 km lang og det høgaste punktet er Gora Narodnaja (Гора Народная) eller «Folkets fjell» på 1894 meter over havet.

Issledovatelskomfjella startar om lag ved Gora Narodnaja og går nordaustover forbi Vorkuta og nesten til Karahavet og Nordishavet. Den viktigaste bergarten er metamorf, hovudsakleg kvartsitt og skifer. Det er mange isbrear nær toppane og dei øvre fjellsidene, medan resten stort sett er arktisk ørken og tundra. Ved foten av fjella og bratte elvedalar er det noko taiga.

Høge toppar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]