Isteren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isteren
innsjø
Isteren-2007.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Engerdal
Høgd over havet 645 moh
Areal 28,97 km²
Største djupn 45 m
Kystlengd1 90,86 km
Koordinatar 62°01′04″N 11°46′14″EKoordinatar: 62°01′04″N 11°46′14″E
Wikimedia Commons: Isteren
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Isteren er ein innsjø i Engerdal kommune i Hedmark fylke. Isteren er ein næringsrik innsjø med eit stort artsmangfald. Han er ein populær sportsfiskesjø, og sjansane for den gode fangsten er stor. Sommaren 2006 vart det fanga ein aure som vog 9,250 kg med stong frå ein liten båt. Sjøen er òg rik på sik, gjedde, åbor, harr, lake og dvergsik, lokalt kalla sild. Det meste av Engerdal kommune er Statsalmenning. Isteren er ikkje eit almenningsvatn og fiskerettane er delt på 45 eigedomar. Det vert seld fiskekort. Rundt sjøen er det to fiskevollar og nokre enkeltståande hytter.

Frå nord renn elva Sømåa ut i Isteren. Det er ei idyllisk elv med eit rikt fugleliv, spesielt om våren. Her kan ein en observere sjeldne arter på trekk. På veg ned elva har mange observert både bever og elg. Både den nedre delen av Sømåa og Isteren har gode tilhøve for kanopadlarar. Isteren har mange viker, fjordar, holmar og skjer.

Både Sømåa og Isteren har vedtatt maksfart, men det er ingen kontroll på dette. Høg fart er eit kjent problem for kanofolket, spesielt i Sømåa.

Ein del av Isteren ligg no innanfor Bjørnberga og Isteren naturreservat (oppretta 2005). Området mellom Femunden og Isteren ligg i all hovudsak innanfor reservatet. Det er derfor spesielle krav til ferdsel der. Naturreservat er den strengaste verneforma.

Området mellom Isteren og Femund er òg vinterbeiteområde for rein frå Elgå reinbeitedistrikt. Nokre store bukkar går ofte igjen i området på sommaren, desse er populære fotoobjekt då dei kan vere temmeleg nærgåande og lite skye.