Ivan Garanin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivan Garanin
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 1. august 1945
Rudnyj
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Ivan Ivanovitsj Garanin (fødd 1. august 1945) er ein sovjetisk tidlegare langrennar frå Kasakhstan som vann VM-sølv i 4 x 10 km stafett i 1974, og to bronsemedaljar under Vinter-OL 1976.

Garanin var mellom dei ypparste langrennarane i Sovjetunionen i tida 1971-77, då han vann sju «nasjonale» meistertitlar. Internasjonalt utmerkte han seg ved to høve. Under Ski-VM 1974 i Falun vart han fjerdemann på tremila, og han gjekk startetappen for det sovjetiske mannskapet som tok sølv i 4 x 10 km stafett, han vart elles nummer 11 både på 15 km og 50 km.

To år seinare, under dei olympiske vinterleikane 1976 i Innsbruck, opna Garanin med å vinne bronsemedaljen på tremila, landsmannen Sergej Saveljev tok gullet og Bill Koch frå USA fekk sølv. Garanin kom så på fjerdeplassen på 15 km, same plasseringa fekk han på den avsluttande femmila. I mellom dei to fjerdeplassane, gjekk han som ankermann i 4 x 10 km stafett Sovjetunionen inn til bronse.

I 1977 sigra milslukaren Garanin i Vasaloppet og i 1980 i Marcialonga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]