Sergej Saveljev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Saveljev
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 26. februar 1948
Amur oblast
Død

29. oktober 2005 (57 år)
Moskva

Yrke langrennsløpar
Språk russisk

Sergej Petrovitsj Saveljev (26. februar 194829. oktober 2005) var ein russisk langrennar frå Rajtsjikhinsk i Amur oblast som representerte Sovjetunionen, og vart olympisk meister 1976 og verdsmeister 1978 i 30 km langrenn.

Saveljev meisterskapsdebuterte med ein tiandeplass på femmila og ein tolvteplass på 15 km under Ski-VM 1974 i Falun. To år seinare vann han gullmedaljen på tremila under vinter-OL i Innsbruck, og gjekk ein etappe på det sovjetiske laget som tok bronsen på stafetten, slått av Finland og Noreg.

Også under Ski-VM 1978 i Lahti vann Saveljev tremila, framom landsmannen Nikolaj Zimjatov og den polske overraskingsmannen Józef Łuszczek. I Vinter-OL 1980 i Lake Placid deltok han på 50 km og vart nummer fem.

Han døydde ved Istra i Moskva oblast, 57 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]