Ivan Neville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Neville
Ivan Neville photo.jpg
Neville på Bourbon Street Fest i 2005
Fødd19. august 1959 (63 år)
FødestadNew Orleans i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1983
SjangerR&B, new wave, house
Instrumentvokal, Klaviatur
Tilknytte artistarNeville Brothers
Keith Richards
The Insects
Rufus
Dumpstaphunk
Spin Doctors
Ani DiFranco
PlateselskapPolydor
Iguana Records
Uptop Entertainment
Compendia Records
Verka somMusikar
FarAaron Neville

Ivan Neville (fødd 19. august 1959) er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist, songar og låtskrivar. Han er son av Aaron Neville og nevø av medlemmane i The Neville Brothers.[1][2][3]

Han har gjeve ut fire soloalbum og hatt ein hit i USA med den første singelen sin, «Not Just Another Girl».[4] Denne nådde 26. plassen på Billboard-lista.[5]

Neville har spelt på fleire av innspelingane til Neville Brother, i tillegg til faren sine soloplater. Han spelte med Bonnie Raitt frå 1985 til 1987, inkludert albumet Nine Lives. Han spelte òg klaverinstrument på to Rolling Stones-album, Dirty Work i 1986 og Voodoo Lounge i 1994, i tillegg til bandet til Keith Richards, The X-Pensive Winos. [6]

Han har i tillegg spelt med artistar som Don Henley, Bonnie Raitt, Robbie Robertson, Rufus, Paula Abdul og Delbert McClinton, og var medlem av Spin Doctors.

I 2003 skipa han sitt eige band, Dumpstaphunk[7] og spelte mellom anna på Late Show with David Letterman.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ratliff, Ben (24. februar 2012). «New Orleans Saint’s Brooklyn Revival». The New York Times. s. AR14. 
  2. Pareles, Jon (5. mai 2008). «Scars Amid the Party in New Orleans». The New York Times. s. E1. 
  3. Bunny Matthews. «Ivan Neville: Return of the Prodigal Son». OffBeat. Henta 27. juli 2019. 
  4. White, Timothy (30. juli 1994). «Ivan Neville Gives 'Thanks' For Voodoo». Billboard: 7. 
  5. «Ivan Neville Chart History». Billboard. 
  6. Greenhaus, Mike https://relix.com/articles/detail/the-core-ivan-neville-2/ Arkivert 2021-04-11 ved Wayback Machine. Relix
  7. «The party of the year will be a 'slam dunk' with Dumpstaphunk». The Union. Arkivert frå originalen 13. august 2012. Henta 7. november 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ivan Neville