Ivar Aarseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Aarseth
Ivar Aarseth.jpg
Fødd 5. oktober 1889
Veøy
Død

31. juli 1972

Yrke politikar

Ivar Aarseth (5. oktober 188931. juli 1972) var ein norsk målar, byråkrat og politikar frå Bogge i dagens Nesset kommune. Han representerte Arbeidarpartiet og valkrinsen Trondheim og LevangerStortinget i periodane 1925-30 og 1934-45.

Aarseth vart fødd i dåverande Veøy herad, men voks opp på garden Bogge i Eresfjord & Vistdal herad, dit foreldra flytta og dreiv eit småbruk. Han reiste i ungdomsåra til Molde og lærte seg til målar, og arbeidde så i målaryrket i Molde og seinare i Trondheim fram til 1918. Ved sidan av arbeidet sitt i Trondheim tok han fag ved den tekniske kveldsskulen i byen. Frå 1918 til 1931 var han desinfektør i Trondheims sunnhetsvesen, og deretter kontrollør ved Trondheim trygdekasse. I 1945 fekk han jobben som styrar ved Noregs Bank si avdeling i Trondheim. Under andre verdskrigen vart han arrestert hausten 1944, og sona ei straff på eit halvt års sikring ved Berg interneringsleir.

Aarseth var medlem av Trondheim bystyre frå 1919 til 1945. Gjennom desse åra var han styreformann i ei rad kommunale utskot og verksemder, som til dømes Boligrådet, Husnemnda, Trondheim Energiverk A/S og Trondheim Sporvei A/S. Han var også ei tid formann i Trondheim Arbeiderparti og styremedlem i Arbeider-Avisa A/S.

Aarseth representerte valkrinsen Trondheim og Levanger og Arbeidarpartiet på Stortinget i periodane 1925-30 og 1934-45. Dei to fyrste periodane var han fyrst medlem og deretter nestformann i Lønningskomiteen. Perioden 1934-36 var han medlem i Kommunalkomitéen, medan han i 1937-45 var formann i same komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]