Hopp til innhald

Ivar Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Eriksen


StatsborgarskapNoreg
Fødd7. mars 1942 (83 år)
Hamar kommune
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1964, Skeise-VM 1970 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1971 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1972 i sprint-firkamp, Europameisterskapen på skeiser 1965, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 1500 meter herrer

Alf Ivar Eriksen (fødd 7. mars 1942) er ein tidlegare skeiserennar og brannmann frå Hamar. Han vann sølvmedaljen på 1500 meter under dei olympiske vinterleikane 1968 i Grenoble. To år seinare vart han fjerdemann i den fyrste verdsmeisterskapen i sprint. Eriksen deltok i internasjonale idrett frå 1961 til 1974.

28. februar 1963 sette Eriksen verdsrekord på 3 000 meter ved eit stemne på Bislett stadion i Oslo. Tida 4.33,0 vart berre ståande i 23 døgn. I Vinter-OL 1964 i Innsbruck kom han på sjetteplass på 1500 meter. Året etter fekk han delta i Skeise-EM 1965 i Göteborg der han kom på 12. plass, hans einaste internasjonale firkamp. Etter eit par svakare sesongar, kom Eriksen tilbake og kneip sølvmedaljen på 1500 meter under Vinter-OL 1968Grenoble. Nokre veker seinare fekk han notert 1.20,5 på 1000 meter i vesttyske Inzell, ny verdsrekord på distansen. 1969-sesongen forbetra han verdsrekorden på 1000 m to gongar på same bana. 1. mars 1969 kom han i mål på tida 1.19,5, den fyrste som kom under 1.20. Ved den fyrste verdsmeisterskapen i sprint-firkamp, i 1970 i West Allis i USA, enda han på fjerdeplassen. På nyåret i 1971 i Davos flytta han verdsrekorden på 1000 meter til 1.19,2. Ard Schenk sletta rekorden før sesongen var over. I sprint-VM 1971 i Inzell vart Eriksen femtemann.

Eriksen kom ikkje med til Vinter-OL 1972. Hausten 1972 fekk han plass i den profesjonelle ISSL-turneringa. Hans beste resultat som ISSL-løpar var ein andreplass ved sprint-europameisterskapen i 1974.

Eriksen var aktiv i Hamar Idrettslag og sidan Arbeidernes Skøyteklubb. Etter 1972-sesongen melde han seg inn i organisasjonen ISSL og deltok i stemne arrangert av denne.

Personbeste

[endre | endre wikiteksten]
DistanseTidDatoStadBane
500 m39,115. januar 1971 SUI DavosEisstadion
1 000 m1.19,215. januar 1971 SUI DavosEisstadion
1 500 m2.04,029. januar 1969 ITA Cortina d'AmpezzoPista Fiames
3 000 m4.30,928. januar 1969 ITA Cortina d'AmpezzoPista Fiames
5 000 m7.55,611. desember 1966 NOR OsloValle Hovin stadion
10 000 m16.33,410. februar 1963 NOR OsloBislett stadion