Ard Schenk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ard Schenk
Ard Schenk 2006.jpg
Fødd 16. september 1944
Anna Paulowna
Yrke skøyteløpar
Ard Schenk på Commons

Adrianus Schenk (fødd 16. september 1944), kjend som Ard Schenk, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Anna Palowna. Han vart europameister tre gongar i tida 1966-72, verdsmeister i firkamp tre år på rad (1970-72) og sikra seg tre gullmedaljar under Vinter-OL 1972 i Sapporo. Dessutan vann han to VM-sølv i firkamp, OL-sølv i 1968, EM-sølv 1971, to VM-bronsemedaljar i firkamp og like mange i sprint-VM. Etter han vart profesjonell vann han både EM og VM i firkamp 1973.

Ard Schenk i 1972

Schenk sette 18 verdsrekordar i tida 1966-72. I 1971-sesongen var han den fyrste som gjekk 1500 m på under to minuttar, 1.58,7, og 10 000 meter på under 15 minuttar, 14.55,9.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Ard Schenk – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • (en) Ard Schenk på www.ISU.html.infostradasports.com