Iver Hesselberg (II)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Iver Hesselberg (II)
Iver Hesselberg.jpg
Fødd 16. desember 1780
Drammen
Død

19. august 1844
Christiania

Yrke prest, politikar, forfattar, skribent
Iver Hesselberg (II) på Commons

Iver Hesselberg (16. desember 178019. august 1844) var ein norsk prest og stortingsmann.

Hesselberg var fødd i Drammen, der far hans var prest. Sjølv vart han student i 1796 og cand. theol. i 1804. Frå 1805 var han personalkapellan hos faren i Spydeberg, deretter sokneprest i Grue frå 1813 til 1834. Han var til stades i Grue kyrkje då ho brann ned, fyrste pinsedag i 1822. Frå 1834 til han døydde var han sokneprest i Aker.

I 1839 var Hesselberg 3. representant på Stortinget frå Akershus amt. Han var medlem av kyrkjekomiteen.

Hesselberg døydde i Aker i 1844.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]