Jón Þorláksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jón Þorláksson
JThorl1927.jpg
Fødd 3. mars 1877
Vesturhópshólar
Død

20. mars 1935
Reykjavík

Yrke politikar
Jón Þorláksson på Commons

Jón Þorláksson (3. mars 187720. mars 1935) var statsministerIsland frå 8. juli 1926 til 28. august 1927. Han var den første og einaste leiaren av det konservative partiet på Island (Íhaldsflokkurinn), som i 1929 gjekk saman med det liberale partiet på Island og danna Sjølvstendepartiet (Sjálfstæðisflokkurinn). Frå 1933 fram til han døydde, var han borgarmeister i Reykjavík.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Jón Þorláksson (ofte omskrive til Thorlaksson) var bondeson frå Vesturhópshólar i Húnavatnssýsla nordvest på Island. Han, dei to systrene hans og ein bror var uvanleg gåverike. Ei av systrene, Björg Þorláksdóttir, var til dømes den første islandske kvinna som fekk ein doktorgrad (frå Sorbonneuniversitetet i Paris i 1926). Jón Þorláksson tok eksamen ved Menntaskólinn í Reykjavík i 1897 om den beste i sin klasse, og med dei beste karakterane som nokon gong er gjevne til ein student ved denne skulen. Han studerte til sivilingeniør ved Polytekniskt Læreanstalt (seinare Danmarks Tekniske Højskole) i København, og tok eksamen i 1903. I 1905 vart han riksingeniør på Island, og i dei følgjande 12 åra sette han i gang bygging av vegar og bruer kringom i landet, han fekk bygd vasskraftverk og starta bruken av landet sine store mengder av termisk energi til å varma opp bustader. Jón drog seg attende frå dette embetet i 1917. Han starta eit selskap som importerte byggemateriell, men arbeidde også som sjølvstendig ingeniør med mange oppgåver. Jón vart vald inn på Alltinget i 1921, på ei liste som stod i opposisjon til den veksande sosialismen på Island. Han var meir respektert enn populær, og vart snart leiar for dei konservative og liberale grupperingane på Alltinget, og han var med på å danna det Konservative partiet på Island i 1924. Jón Þorláksson vart finansminister i regjeringa som det Konservative partiet danna i 1924. I 1925 skreiv han opp verdien av den islandske krona, samstundes som Winston Churchill revaluerte det engelske pundet. Då statsminister Jón Magnússon døydde brått i 1926, vart Jón statsminister også. Etter valnederlaget til det Konservative partiet ved Alltingsvalet i 1927, vart Jón Þorláksson leiar for opposisjonen. Som nemnt var han den første leiaren av Sjølvstendepartiet på Island (Sjálfstæðisflokkurinn) då dette vart danna ved ei samanslåing av det Konservative partiet og det mindre Liberale partiet i 1929. Han vart borgarmeister i Reykjavík i 1933. På grunn av sviktande helse sa han frå seg leiarskapen i Sjølvstendepartiet i 1934, og døydde eit år seinare. Han var gift og hadde to adoptivdøtrer.

Politiske tankar[endre | endre wikiteksten]

Ein biograpfi om Jón Þorláksson vart utgjeven i 1992

Jón Þorláksson var ein klassisk liberalist som hadde teke opp økonomiske idéar av den kjende svenske økonomen Gustav Cassel. I ein artikkel frå 1926 skil han mellom konservative og radikale idéar på ei side, og liberale og autoritative på den andre. Han held fram at begge desse idésetta kan førekoma i alle fire kombinasjonane. Motstandarane hans på den islandske venstresida eller i sosialistrørsla er t.d. — påstår han — både radikale og autoritative. Stundom må liberale vera radikale også, men no må dei vera konservative, fordi hovudoppgåva deira er å ta vare på fridommen som er vunnen i stridar gjennom 1800- og 1900-talet, og verja landet mot sosialismen. På denne måten definerte Jón Þorláksson seg som ein konservativ liberalist. I ei fråsegn til generalforsamlinga til det Konservative partiet i 1929, gjer han kort, men klårt, greie for dei klassiske liberale idéane om korleis menneske ikkje kan unngå å tena felles interesser når dei arbeider i eit konkurransemiljø, sjølv om dei arbeider berre for sine eigne interesser. Der forsvarar han òg frihandel og avgrensa påverknad frå styresmaktene. Jón Þorláksson føreslo offentleg å privatisera dei to forretningsbankane på Island som vart styrde av staten. Under depresjonstida i 1930-åra, den andre verdskrigen og i ettertid, følgde ikkje Sjølvstendepartiet opp tankane hans i eitt og alt, men det er vorte sagt at Davíð Oddsson, som vart leiar av Sjølvstendepartiet på Island i 1991 og som var statsminister dei følgjande 13 åra, er Jón Þorláksson sin intellektuelle arving, og han har privatisert, liberalisert og stabilisert den islandske økonomien.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jón Þorláksson: Ræður og ritgerðir. Reykjavík 1985.
  • Hannes Hólmsteinn Gissurarson: Jón Þorláksson forsætisráðherra. Biografi. Reykjavík 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]