Jødeparagrafen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jødeparagrafen vil seia siste passus i § 2 i Grunnlova av 1814 som lydde «Jøder ere fremdeles udelukkede fra Riget.»

I grunnlova §2, religionsparagrafen, kom det inn eit forbod mot jesuittar, munkeordnar og jødar. Det var den siste setninga som inneheldt forbodet mot jødar, som seinare vart kalla Jødeparagrafen. Jødeforbodet gjekk attende på Christian Vs norske lov frå 1687.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ved skrivinga av den norske grunnlova i 1814 var pådrivarane for ordlyden i §2 om å halda Noreg fritt for jødar særleg fronta av Christian Magnus Falsen, Georg Sverdrup og Nicolai Wergeland.[1][2]

Avskaffing[endre | endre wikiteksten]

Henrik Wergeland, rett nok sonen til Nicolai Wergeland, tok opp jødespørsmålet i Statsborgeren i 1837, og i 1839 hadde han utarbeidd eit grunngjeve framlegg for å slette siste passus i Grunnlova. Det vart opplese i Stortinget i 1839 og sidan innarbeidd i Wergelands skrift Indlæg i Jødesagen. Stortingspresidenten, Wilhelm Anton Sørenssen, fremja Wergelands framlegg som sitt eige. Saka kom opp i Stortinget første gong i 1842 og fekk simpelt fleirtal. Grunnlovsendring treng 2/3 fleirtal. Det vanta 11 stemmer. Framlegget var oppe også i 1845 og i 1848. I 1851 vart jødeparagrafen sletta, seks år etter Wergelands død.

Då saka var oppe første gong 9. september 1842, var diktaren sjølv til stades. Han skreiv eit friskt referat av debatten: Jødesagen i Det norske Storthing (1842).

Dei to diktsamlingane Jøden (1842) og Jødinden (1844) er poetiske innlegg i jødesaka. Her tek Wergeland mellom anna opp religiøs toleranse i vidt perspektiv, motarbeider fordomar og kritiserer kristne som vil stengje folk med anna tru ute. Religionsfridom er òg eit tema i Nordmandens Kathekisme (1845).

Gjeninnføring[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen gjeninnførte Vidkun Quisling jødeparagrafen 12. mars 1942,[3] og han vart ståande under hans regjering fram til frigjeringa i 1945.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harket, H. (9. oktober 2022). «Hvorfor ble jødene utestengt på Eidsvoll?». Norgeshistorie. 
  2. «Ny doktorgrad: Jødeparagrafen og Eidsvoll 1814». UiB. 11. november 2015. 
  3. Grunnlovsbestemmelse 12. mars 1942 om tilføyelse til Grunnlovens § 2 (jøders utelukkelse fra riket), jf. Norsk Lovtidend Avd. 2 1942, s. 136.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Benkow, Jo: Henrik Wergeland : Såmannen 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]