Jørund Mannsåker
Jørund Mannsåker | |||
Fødd | 8. september 1920 | ||
---|---|---|---|
Død | 30. desember 1989 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | filolog, omsetjar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Groningen | ||
Ektefelle | Kari Borg Mannsåker |
Jørund Mannsåker (1920–1990) var ein norsk filolog og omsetjar. Far hans var Jon Mannsåker.
Mannsåker vart fødd i Ullensvang, men flytte i løpet av barndomen til Voss fordi faren hadde fått stilling der som kapellan. Han voks opp både i Ullensvang, Voss og Oslo, og fekk graden cand.philol. i 1947 med ei oppgåve om norsk utvandrarlitteratur. Han tok seinare opp att det same emnet i doktoravhandlinga si frå 1971: Utvandringa til Nord-Amerika i norsk skjønnlitteratur. Mannsåker var sendelektor i norsk ved fleire utanlandske universitet: i Groningen i Nederland, i Uppsala i Sverige og ved St. Olaf College, Minnesota, USA. Han arbeidde også som konsulent for forlaga Gyldendal og Samlaget, og som omsetjar.
I 1978 fekk Mannsåker Kirke- og undervisningsdepartementets oversetterpris i 1978 for lyrikkboka "Eg har ikkje bedt om å få koma" av finsk-svenske Antti Jalava, som Mannsåker omsette til nynorsk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Skanna kyrkjebøker for Ullensvang i 1920.
- Wikipedia på bokmål om Jørund Mannsåker.
- Liste over litteraturprisar for barne- og ungdomslitteratur.