Jacob Mortenssøn Maschius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Mortenssøn Maschius
Fødd 1630
Død

12. august 1678

Yrke prest, grafikar, lyrikar
Maschius sitt koparstikk av Nidarosdomen

Jacob Mortenssøn Maschius (kring 163012. august 1678) var ein norsk prest, forfattar og koparstikkar, fødd kring 1630.

Maschius vart visstnok fødd i Trondheim. Han voks opp i Bergen og vart utdanna i København. Frå 1659 til -68 var han informator hos direktøren for Kongsberg Sølvverk. I 1661 gav han ut klagediktet «Norwegia religiosa» der han hadde med nokre kopparstikk av Nidarosdomen anno 1659, stikk som fekk mykje å seie for seinare restaureringar av kyrkja. Elles vert han hugsa for eit prospekt av Trondheim by frå 1674, også det eit koparstikk.

Maschius var prest i Jølster frå 1675 og døydde der 12. august 1678.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]