Jacques Hadamard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacques Hadamard

Fødd8. desember 1865
Versailles
Død17. oktober 1963
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdepartiell differensialligning, talteori, matematikk, mekanikk
Yrkematematikar, professor, forskar
InstitusjonarCollège de France
Columbia University
École polytechnique
Lycée Buffon
Universitetet i Paris
Université de Bordeaux
Alma materÉcole normale supérieure
Lycée Louis-le-Grand
Lycée Charlemagne
DoktorgradsrettleiarCharles Émile Picard
Jules Tannery
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det polske vitenskapsakademi
American Academy of Arts and Sciences
Accademia Nazionale dei Lincei
Det russiske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
National Academy of Sciences

Jacques Salomon Hadamard (8. desember 186517. oktober 1963) var ein fransk matematikar.

Han var professor i Bordeaux frå 1893 til 96, ved Sorbonne frå 1896 til 1909 og ved Collège de France frå 1909 til 37. Det viktigaste arbeidet hans var innan funksjonsteorien og særleg potensrekkjer, differensiallikninger, variasjonsrekning og hydrodynamikk. Han gav i 1896, samtidig med de la Vallée-Poussin, det første beviset for den såkalla primtalsatsen. Han skreiv mellom anna An Essay on the Psychology of Invention in the Mathematical Field (1945). Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abel-minnefesten i 1929.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Jacques Salomon Hadamard» i Store norske leksikon, snl.no.