Jacques Lüthy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacques Lüthy
Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. juli 1959
Charmey
Idrett alpint
Yrke alpinist

Jacques Lüthy (fødd 11. juli 1959) frå Charmey er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Han vann bronsemedaljen i slalåmrennet under OL 1980 i Lake Placid. Lüthy var spesialist i dei tekniske øvingane; slalåm og storslalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

9. desember 1978 debuterte Lüthy i verdscupen i storslalåmrennet i Schladming, der han enda på 10. plass. Vel ein månad seinare, 16 januar 1979, oppnådde han sin første pallplass, då han tok tredjeplassen i storslalåmrennet i Adelboden. 11 januar 1983 tok han sin siste pallplass på same staden, i same øving og på same trinnet.

Høgdepunktet for Lüthy kom under vinter-OL 1980. Han rann då inn til bronsemedalje i slalåm, bakom vinnaren Ingemar Stenmark frå Sverige og Phil Mahre frå vertslandet USA. Han vart elles nummer fem i den alpine kombinasjonen.

Lüthy gjekk aldri heilt til topps i noko verdscuprenn, men oppnådde åtte pallplasseringar i løpet av si tid som aktiv; seks i storslalåm og to i slalåm. I sin beste sesong, 1980, kom han på tredjeplass i storslalåmcupen av verdscupen. Same året oppnådde han også si beste samanlagtplassering i verdscupen, ein sjetteplass.

Han la opp i 1986.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]