Jacques Tits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacques Tits mai 2008

Jacques Tits (fødd 12. august 1930 i Uccle) er ein fransk (frå 1974, tidlegare belgisk) matematikar. Han har skrive mange forskingsartiklar på fleire område, men i hovudsak innan gruppeteori.

Tits viste seg tidleg som ein dugande matematikar. I 3-årsaldenen kunne han utføre alle aritmetiske operasjonar, han bestod opptakseksamenen til Friuniversitetet i Brussel då han var 14 år og fekk doktoratet sitt då han var 20 år gammal. Tits var professor ved Friuniversitetet i Brussel 1962–1964, professor ved universitetet i Bonn frå 1964 til han i 1973 flytta til Paris, der han fekk eit professorat i gruppeteori ved Collège de France. Tits hadde dette professoratet til han gjekk av i 2000 og har sidan vore professor emeritus.

Jacques Tits har vore medlem av det franske Académie des Sciences sidan 1974. I 1992 vart han valt til utanlandsk medlem av National Academy of Sciences i USA og American Academy of Arts and Sciences. I tillegg er han medlem av vitskapsakademi i Noreg, i Nederland og Belgia.

Han har fått tildelt æresdoktorat frå universiteta i Utrecht, Ghent, Bonn og Leuven og har mottatt fleire priser. Saman med John Thompson mottok han Abelprisen i 2008 for arbeide deira innan algebra, og særleg for utforminga av moderne gruppeteori. Jacques Tits sine publikasjonar inneheld særs mange grunnleggande og banebrytande matematiske idear, noko gjer han til ein av dei viktigaste og originale matematikarane i vår tid.

Tits vart slått til riddar av den franske æreslegionen, Chevalier de la Légion d'Honneur, i 1995, og han fekk den franske fortenestemedaljen, l'Ordre National du Mérite i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]