Pierre Deligne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pierre Deligne
Deligne.jpg
Fødd3. oktober 1944
Etterbeek
NasjonalitetBelgia
Områdealgebraisk geometri, talteori
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarInstitute for Advanced Study
Alma materUniversité libre de Bruxelles
DoktorgradsrettleiarAlexandre Grothendieck
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det Norske Videnskaps-Akademi
Accademia Nazionale dei Lincei
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences

Pierre René Deligne (fødd 3. oktober 1944) er ein belgisk matematikar. Han arbeidde ved Institut des Hautes Études Scientifiques i Paris frå 1968, og vart professor ved Institute for Advanced Studies i Princeton i USA i 1984. Deligne vart tidleg kjend då han fann løysinga til tre kjende formodningar sett fram av André Weil. Dette omfatta ei blanding av algebraisk geometri og algebraisk talteori og gjorde at Deligne fekk Fieldsmedaljen i 1978. Løysingane til Deligne kravde innføring av ein ny type algebraisk topologi. Deligne har òg arbeidd med andre problem innan mange område av matematikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]