Mikhail Leonidovitsj Gromov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikhail Leonidovitsj Gromov
Gromov Mikhail Leonidovich.jpg
Fødd 23. desember 1943, Boksitogorsk
Mikhail Leonidovitsj Gromov på Commons

Mikhail Leonidovitsj Gromov (russisk Михаил Леонидович Громов), òg kjent som Mikhael Gromov, Michael Gromov eller Misha Gromov, (fødd 23. desember 1943 i Boksitogorsk) er ein fransk-russisk matematikar kjent for viktige bidrag innan ei rekkje område innan matematikken. Han er ein geometer, det vil seie at spesialiteten hans ligg innan geometri.

I geometrisk gruppeteori har han undersøkt grupper av polynomial vekstordning og innførde omgrepet hyperbolske grupper. I den symplektiske topologien innførde han dei pseudoholomorfe kurvane. Hans -prinsipp ( for homotopi) for differensialrelasjonet er viktig i teori for partielle differensiallikningar (og vidareførde her eldre ansatsar, blant andre utvikla av John Nash).

Gromov studerte til doktorgraden (1973) i Leningrad under V. A. Rokhlin. Han er no permanent medlem av IHÉS, og Jay Gould-professor i matematikk ved New York University.

Han har motteke ei lang rekkje utmerkingar for virket sitt: 1971 Moskvas matematiske selskaps pris, 1981 Oswald-Veblen-prisen, 1984 Elie-Cartan-prisen, 1993 Wolfprisen, 1997 Leroy P. Steele-prisen, 1997 Lobatsjevski-medaljen, 1999 Balzanprisen, 2002 Kyotoprisen, 2004 Nemmersprisen, og 2005 Bolyaimedaljen. Den siste prisen han mottok, var Abelprisen (2009).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]